Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGjernes, Yngve Bu
dc.date.accessioned2021-10-19T07:45:53Z
dc.date.available2021-10-19T07:45:53Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2823790
dc.descriptionMASPED18-21 Høgskulen på Vestlandet, avd. Sogndal/ Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag/ Master i spesialpedagogikk Innleveringsdato: 28.05.2021en_US
dc.description.abstractDette prosjektet tar føre seg barnehagetilsette si forståing av mobbing som fenomen, og korleis dette blir jobba med i barnehagen. Prosjektet tar sikte på å få innsikt i vurderingar frå både styrarar, pedagogar, fagarbeidarar og assistentar. I oppgåva sitt teorigrunnlag blir aktuell teori og forsking om mobbeomgrepet og mobbing i barnehagen presentert. Vidare blir gjeldande lovverk og rammefaktorar avklart, før teori om førebygging blir gjennomgått. Her blir vaksenrolla, samarbeid med føresette, kompetanse, antimobbeprogram og sosial kompetanse løfta fram. I dette prosjektet blir ei kvantitativ forskingsmetode, med eit tverrsnittdesign nytta. Utvalet består av 307 barnehagetilsette som arbeider i barnehagar i Norge. For innhenting av data er eit spørjeskjema blitt nytta, som vart sendt ut gjennom SurveyXact. I spørjeskjemaet blir det stilt spørsmål om korleis tilsette vurderer sin eigen kunnskap om mobbing, om foreldreinvolvering, bruk av antimobbeprogram, kva dei ser på som mobbeåtferd, kva dei ser på som kjenneteikn på barn som mobbar og barn som blir utsett for mobbing, og om dokumentasjon og tiltak. Datamaterialet har blitt analysert i analyseverktøyet SPSS, der det har blitt sett etter statistisk signifikante forskjellar basert på demografiske variablar som kjønn, stillingstype, erfaring og barnehagestorleik. Informantane i dette prosjektet er einige i at mobbing skjer i barnehagen og at det visar seg i ulike former. Dei vurderer sin eigen kunnskap til å vera litt god, og dei vektlegg opplevinga til den utsette, men er ikkje einige i at barna som mobbar nødvendigvis gjer det med intensjon. Informantane er nøgde med barnehagen si evne til å setta inn tiltak, men det ser ut til å variera korleis dei vurderer si eiga evne til å dokumentera. Det ser og ut til at informantane stort sett involverer foreldra til både barn som mobbar og foreldra til dei utsette når mobbing skjer i barnehagen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectMobbingen_US
dc.subjectbarnehageen_US
dc.subjectbarnehagenen_US
dc.subjectbarnehageansatteen_US
dc.subjectopplevelseen_US
dc.titleMobbing i barnehage: korleis oppfattar barnehagetilsette mobbefenomenet, og korleis jobbar dei med det i barnehagen?en_US
dc.title.alternativeKindergarten bullying: How do kindergarten employees experience the bullying phenomenon, and how do they work with it?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber84en_US
dc.description.localcodeMASPED3-303en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal