dc.description.abstract | Dette prosjektet tar føre seg barnehagetilsette si forståing av mobbing som fenomen, og korleis dette blir jobba med i barnehagen. Prosjektet tar sikte på å få innsikt i vurderingar frå både styrarar, pedagogar, fagarbeidarar og assistentar. I oppgåva sitt teorigrunnlag blir aktuell teori og forsking om mobbeomgrepet og mobbing i barnehagen presentert. Vidare blir gjeldande lovverk og rammefaktorar avklart, før teori om førebygging blir gjennomgått. Her blir vaksenrolla, samarbeid med føresette, kompetanse, antimobbeprogram og sosial kompetanse løfta fram. I dette prosjektet blir ei kvantitativ forskingsmetode, med eit tverrsnittdesign nytta. Utvalet består av 307 barnehagetilsette som arbeider i barnehagar i Norge. For innhenting av data er eit spørjeskjema blitt nytta, som vart sendt ut gjennom SurveyXact. I spørjeskjemaet blir det stilt spørsmål om korleis tilsette vurderer sin eigen kunnskap om mobbing, om foreldreinvolvering, bruk av antimobbeprogram, kva dei ser på som mobbeåtferd, kva dei ser på som kjenneteikn på barn som mobbar og barn som blir utsett for mobbing, og om dokumentasjon og tiltak. Datamaterialet har blitt analysert i analyseverktøyet SPSS, der det har blitt sett etter statistisk signifikante forskjellar basert på demografiske variablar som kjønn, stillingstype, erfaring og barnehagestorleik. Informantane i dette prosjektet er einige i at mobbing skjer i barnehagen og at det visar seg i ulike former. Dei vurderer sin eigen kunnskap til å vera litt god, og dei vektlegg opplevinga til den utsette, men er ikkje einige i at barna som mobbar nødvendigvis gjer det med intensjon. Informantane er nøgde med barnehagen si evne til å setta inn tiltak, men det ser ut til å variera korleis dei vurderer si eiga evne til å dokumentera. Det ser og ut til at informantane stort sett involverer foreldra til både barn som mobbar og foreldra til dei utsette når mobbing skjer i barnehagen. | en_US |