dc.contributor.author | Linde, Gunn | |
dc.date.accessioned | 2021-10-19T07:36:43Z | |
dc.date.available | 2021-10-19T07:36:43Z | |
dc.date.issued | 2021 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/2823783 | |
dc.description | MASPED3-303
Høgskulen på Vestlandet, avd. Sogndal / Institutt for
pedagogikk, religion og samfunnsfag / Master i
spesialpedagogikk
14.05.2021 | en_US |
dc.description.abstract | Tema og problemstilling: Tema for studien er læringsmiljø i 1. klasse med utgangspunkt i leiken sin betydning. Målet er å skape meir kunnskap om kva betydning leik har for trivsel, helse og læring som sentrale delar av læringsmiljøet. Problemstillinga er: Kva betydning har leik for eit godt læringsmiljø i 1. klasse? Bakgrunn: Etter innføringa av skulestart for seksåringar i 1997 har det vore generell debatt rundt læringsmiljøet til dei yngste elevane i skulen. Mange har vore uroa for at barns sine behov for leik og aktivitet vert fortrengt av krav til meir stillesitjande arbeid og formelle resultat. Bakgrunnen for studien er såleis å undersøke kvalitativt kva lærarar legg i eit godt læringsmiljø for seksåringar og kva verdi leiken har i dette biletet. Metode: For å få svar på problemstillinga har eg valt ei kvalitativ tilnærming med djupneintervju som metode. Utvalet består av fem lærarar som jobbar i 1. klasse. Intervjua er transkribert og koda i dataprogrammet NVivo, medan analysemodellen stegvis – deduktiv induktiv metode (SDI) er nytta som analysereiskap. Resultat og konklusjon: Dei viktigaste funna kan oppsummerast gjennom ei tredeling. 1. Leik har eigenverdi for barn og må såleis verdsetjast i skulen. Lærarane i undersøkinga understrekar dette og finn tid til barna sin eigeninitierte leik i ein travel kvardag. 2. Leik har stort utviklings- og læringspotensiale. Lærarane i undersøkinga argumenterer med at leik gir gode moglegheiter for å byggje relasjonar, utvikle sosial kompetanse og språk. Nyare forsking peikar i tillegg på at leik utviklar evna til å lære generelt. 3. Leikbasert undervisning blir hevda å gi større læringsutbytte, meir trivsel og betre psykisk helse enn tradisjonell undervisning. Lærarane i undersøkinga nyttar kompetansen sin til å legge til rette for aktivitetar som gir stor grad av elevaktivitet og variasjon. Eit viktig funn er at det framleis er noko uklart kva som ligg i omgrepa leik, læring og undervisning. Dette finn ein også støtte for i nyare forskingslitteratur. Ei samla vurdering av funn, knytt opp til relevant forsking, viser at leik har stor betydning for læringsmiljøet for dei yngste elevane og vil kunne påverke både læring, helse og trivsel. | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.subject | Leik | en_US |
dc.subject | læring | en_US |
dc.subject | undervisning | en_US |
dc.subject | læringsmiljø | en_US |
dc.subject | begynneropplæring | en_US |
dc.subject | leikbasert læring | en_US |
dc.title | Leiken sin betydning for læringsmiljøet i 1. klasse | en_US |
dc.title.alternative | The importance of play for the learning environment in 1st grade | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.source.pagenumber | 92 | en_US |
dc.description.localcode | MASPED3-303 | en_US |