Forskning og utviklingsarbeid innan høgskolen – framgangsmåtar: Ei essaysamling om metodetilnærmingar innan førstelektorkvalifisering
Bjørke, Gerd; Bulie, Erik; Gjøsæter, Åge; Dahl, Hellen; Drange, Brit Bårdsen; Grutle, Bjart; Langesæter, Marit; Lindaas, Ingrid; Lunde, Sølvi Anne Eide; Vae, Karen Johanne; Valen, Kristin
Abstract
Denne essaysamlinga spring ut frå dei arbeida som deltakarar ved kurs i metodetilnærmingar for førstelektorkandidatar ved Høgskolen Stord/Haugesund vårsemesteret 2014. Samlinga gir eit innblikk i ulike metodiske utfordringar i arbeid med forskings- og utviklingsarbeid. Dei fleste eksempla handlar om pedagogisk utviklingsarbeid. Førstelektorstillinga har undervisning som si primæroppgåve. Utvikling, endring og fornying er knytt til det pedagogiske arbeidet eller til formidling av yrkeskompetanse.
Alle bidragsytarane er tilsette ved Høgskolen Stord/Haugesund, og kjem frå alle dei tre avdelingane høgskolen har. Innhaldsmessig viser samlinga stor breidde:
Frå lærarutdanning finn vi eit essay om skoleutvikling i praksis, ei læringstilnærming der lærarstudentar blir (ut)forskande i høve til sin eigen praksis og eit essay om kunnskap om skoleleiing.
Frå organisasjons- og administrativ utdanning finn vi ein case-studie om metodisk tilnærming innan studiar i organisasjon og leiing.
Innan helsefag har vi fleire perspektiv inne, både ei meir overordna drøfting av tilhøvet mellom forsking og utvikling, samanstilling mellom praksisutvikling, didaktisk design forsking og aksjonsforsking, vidare essay som handlar om eksempel på praksisutvikling og kvalitetsutvikling både i yrkesfeltet og i praktiske studiar, utvikling av nye fagområder i sjukepleierutdanninga og innføring av simulering som læringsaktivitet.