Innsikt i belastande og anerkjennande relasjonelle erfaringar frå barne- og ungdomsår gir verdifull kunnskap om unge kvinner sine helseplager i Norsk Psykomotorisk Fysioterap
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2789325Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: I opptrappingsplanen for barn og unge si psykiske helse blir det peika på viktigheita av helsefremmande og forebyggande arbeid slik at den oppveksande generasjon får styrka evna si til å meistre motgang og utfordringar i livet. Formål: Målet med denne studien er å utforske erfaringar i frå barne- og ungdomsår. Eg tek utgangspunkt i empiri innhenta ved intervju av unge kvinner som er eller nyleg har vore i psykomotorisk behandling. Problemstilling: Korleis kan innsikt i unge kvinner sine erfaringar i frå barn- og ungdomsår gi forståing for deira noverande helseplager? Metode: Studien har eit kvalitativt design, inspirert av fenomenologi. Det er gjennomført fire individuelle semistrukturerte livsverdsintervju. Systematisk tekstkondensering blei nytta som analysemetode Resultat: Resultat frå studien er drøfta i lys av relasjonsteori og teori om identitetsutvikling, og presentert under fire tema: Kropp og beredskap, Anerkjenning, Identitet og Samhandling. Konlusjon: Studien viser at innsikt i barne- og ungdomserfaringar kan løfte fram individet slik at både pasient og fagutøvar får ei forståing for situasjonen, sett i lys av erfaring, individ, miljø og samfunn. Anerkjenning peikar seg ut som eit bærande omgrep for studien.
Beskrivelse
Master i samhandling innan helse- og sosialtenester, Høgskulen på Vestlandet