Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSøgnen, Kristina
dc.date.accessioned2021-09-23T13:27:02Z
dc.date.available2021-09-23T13:27:02Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2780809
dc.descriptionMaster i læring og undervisning, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idretten_US
dc.description.abstractFøremålet med denne masteroppgåva er å undersøke på korleis skjønnlitterært arbeid i norskfaget kan bidra til at ungdomsskuleelevane utviklar ein trygg identitet. Den nye læreplanen Kunnskapsløftet 2020 introduserte tre tverrfaglege tema, der livsmeistring er fokus i eitt av dei. Å meistre eige liv inneber å ha ein trygg identitet. Denne undersøkinga byggjer på teori om at skjønnlitteratur gjev moglegheiter for læringsutbyte i høve personleg og emosjonell utvikling. Mellom anna teori og forsking som belyser at fiksjonstekstar kan ha identitetsskapande funksjonar. Materialet i undersøkinga er eit norsklæreverk for ungdomsskuleelevar. Forskingsdesignet er utforma med eit mål om å belyse problemstillinga og inneber metodetriangulering. Gjennom kvalitativ innhaldsanalyse og skjønnlitterær analyse forsøker eg å finne ut av kva tematikkar tekstane i utvalet belyser og på kva måtar møte med hovudkarakterane kan bidra i utviklinga. Ved hjelp av innhaldsanalysen finn ein at tematikkane som vert aktualisert i tekstane i utvalet belyser fleire av dimensjonane ved livsmeistringsomgrepet. Fleire av hovudkarakterane gjev ved skildringar av eigne liv innsyn i verkelegheitsnære livssituasjonar. Fleire av dei opnar også for ulike grader av identifikasjon hjå ungdomslesarar, alt etter korleis lesaren forstår tekstane. Hovudkarakterane representerer ulike personar med ulike sett verdiar, kunnskapar, levevanar og evner. Tekstane er eit representativt utval av tekstar som kan og vert nytta i norske klasserom. Norskfaget kan seiast å vere eit godt eigna fag for identitetsutvikling og identitetsskaping, noko skjønnlitteraturen bidreg med.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleLivsmeistring og identitet i norskfaget: Ein analyse av fiksjonstekstar i tekstboka Kontekst 8-10: Tekster 5en_US
dc.title.alternativeLife skills and identity in Norwegian as a subject: An analysis of fiction texts in the textbook Kontekst 8-10: Tekster 5en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMAS3-307en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal