Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBuene, Runa
dc.date.accessioned2021-09-23T12:49:38Z
dc.date.available2021-09-23T12:49:38Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2780789
dc.descriptionMaster i læring og undervisning Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfagen_US
dc.description.abstractFaglege tilbakemeldingar er identifisert som ein nøkkelstrategi innanfor læring og undervisning, men ein veit mindre om korleis tilbakemeldingar vert forstått og nytta av elevane. Føremålet med denne studien er å få innsikt i ungdomsskuleelevar si forståing og nytte av faglege tilbakemeldingar. Eit kvalitativt design har blitt nytta i form av semistrukturerte djupneintervju. Informantane i studien er ungdomsskuleelevar frå ein skule i Vestland fylke. Studien er avgrensa til informantane sine synspunkt og erfaringar, og føreslår ulike tiltak for korleis tilbakemeldingspraksisen kan betrast. Studien byggjer på teori og forsking knytt til faglege tilbakemeldingar og korleis elevar og lærarar kan utøve god praksis med tanke på tilbakemeldingar som fremjar læring, samt anna relevant forsking og litteratur på feltet. Gjennom informantane sine framstillingar viser det seg at elevane opplev faglege tilbakemeldingar som læringsfremjande, så sant innhaldet er relevant, positivt utforma og at tilbakemeldinga kjem på rett tidspunkt. Studien set lys på at elevane treng opplæring i korleis utøve eigenvurdering og kvarandrevurdering, som vert fremja som ein viktig del av formativ vurdering. Gjennom elevane sine skildringar og erfaringar kom det òg fram korleis dei ulike aspekta ved tilbakemeldingane kan påverke elevane sin motivasjon, samt at elevane vert medvitne om kva dei må fokusere på i eiga læring og fagleg utvikling. Studien gir ingen mogelegheit for generalisering, derimot løftar studien fram elevane si forståing og opplevde nytte frå deira perspektiv. Dette kan vera nyttig informasjon for lærarar som arbeider i skulen, fordi lærarane får innsikt i korleis elevar reflekterer og opplev tilbakemeldingane dei møter i skulekvardagen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleElevar si forståing og nytte av faglege tilbakemeldingaren_US
dc.title.alternativeStudents’ perception and utility of classroom feedbacken_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMAS3-307en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal