Å ta i bruk omvend undervisning - korleis og kvifor
Original version
Sekkingstad, D. & Fossøy, I. K. (2021). Å ta i bruk omvend undervisning - korleis og kvifor. Bedre Skole, 33(1), 39-42.Abstract
Den omvende undervisninga kan frigjera tid i klasserommet og gi lærarane eit større handlingsrom for å leggja til rette for ei elevsentrert undervisning. Ein studie tar for seg erfaringane til lærarar som har prøvd dette ut over tid.
Den digitale utviklinga i samfunnet påverkar læringsmål og innhald i skulen. Ny teknologi gir også nye føresetnader for undervisning. Omvend undervisning som undervisningsdesign har vakse fram som eit resultat av den digitale utviklinga og er eit døme på korleis teknologi kan takast i bruk for å endra vilkår for læring. Bruk av digitale verktøy er ikkje noko mål i seg sjølv. Det avgjerande er korleis verktøy blir tekne i bruk for å støtta opp om elevane si læring. Dermed er det interessant å sjå nærare på korleis undervisning blir praktisert i det omvendte klasserommet.