«Å snakke med kvarandre, og ikkje til kvarandre»: ei kvalitativ studie av kommunalleiarane si erfaring med tverrfagleg samarbeid for enkeltbarn i oppvekstsektoren
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2771347Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Tema for denne oppgåva er kommunalleiarane si erfaring og handtering av tverrfagleg samarbeid for enkeltbarn i oppvekstsektoren. Tverrfagleg samarbeid er høgaktuelt i dagens effektiviseringspolitikk, og både forsking og teori underbygger at tverrfagleg samarbeid er naudsynt for at kommunane skal kunne gi ei fullverdig og god oppfølging av utsette barn og unge. Denne studien ser på kommunalleiarane si handtering av det tverrfaglege samarbeidet, og gir eit innblikk i korleis tverrfagleg samarbeid er ein del av deira ansvarsområde og arbeidskvardag. Studien set fokus på kva kommunalleiarane ser på som sitt ansvarsområde i høve tverrfagleg samarbeid i oppvekstsektoren, og kva tiltak dei har sett i verk for å legge til rette for tverrfagleg samarbeid. Studien ser og på kva utfordingar kommunalleiarane møter i sitt arbeid med tverrfagleg samarbeid i oppvekstsektoren
Beskrivelse
Masteroppgave i organisasjon og ledelse, Høgskulen på Vestlandet