Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJegteberg, Ida Marie
dc.date.accessioned2021-08-19T12:52:55Z
dc.date.available2021-08-19T12:52:55Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2770340
dc.descriptionUndervisningsvitskap med fordjupning i norsk Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolkingen_US
dc.description.abstractDenne undersøkinga granskar korleis ulike utdanningsinstitusjonar sikrar nynorskkompetansen til studentane som går grunnskulelærarutdanning 5–10 utan norsk i fagkrinsen. Dette er undersøkt gjennom fire forskingsspørsmål, der det første tek føre seg planar på eit overordna nivå på institusjonane, det neste er overordna for utdanninga og dei to resterande nivåa går på korleis planane blir realisert i praksis: 1) Kva står det om nynorsk i ulike utdanningsinstitusjonar sine språkpolitiske retningslinjer? 2) Kva står det i programplanane til ulike utdanningsinstitusjonar om sikring av nynorskkompetanse i grunnskulelærarutdanninga 5–10? 3) Kva svarer kvar enkelt utdanningsinstitusjon på spørsmål om nynorskundervisning og -vurdering på grunnskulelærarutdanninga 5–10? 4) Kva rapporterer eit strategisk utval lærarutdannarar om arbeidet med nynorsk i grunnskulelærarutdanninga på deira utdanningsinstitusjon? Temaet er altså belyst frå fleire perspektiv på fleire nivå og det er nytta både kvalitativ dokumentanalyse og kvalitativt intervju for å gi svar på problemstilling og forskingsspørsmål. Granskinga avdekkjer at det er stor variasjon i kva utdanningsinstitusjonane gjer for å sikre nynorskkompetansen til studentane utan norsk i fagkrinsen. Det er fleire utdanningsinstitusjonar som ikkje sikrar Forskrift om plan for grunnskolelærerutdanning (2016) sine formuleringar om at studentane skal beherske både bokmål og nynorsk på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng. Undersøkinga avdekte også utfordringar knytt til sikring av nynorskkompetansen til denne studentgruppa. Gjennomgåande utfordringar er kven som skal ha ansvaret for nynorskopplæring og -vurdering når det ikkje er norskfaget og at det er svært personavhengig kva som blir gjort for å sikre nynorskkompetansen til studentane på dei ulike utdanningsinstitusjonane. Det vert også avdekte at det rår dårlege haldningar til nynorsk spesielt blant tilsette i lærarutdanningane. For å verkeleg sikra nynorskkompetansen til studentane på grunnskulelærarutdanning 5–10, finn studien at leiingane på lærarutdanningane må ta meir ansvar, det trengs tydlegare retningslinjer frå styresmaktene og det trengs ei haldningsendring blant tilsette på lærarutdanningane ettersom kompetanse i begge dei norske målformene ikkje berre er eit krav i norskfaget.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleVon om betre tider? Ei gransking av grunnskulelærarutdanningane si sikring av nynorskkompetansen til studentane på retninga 5–10 utan norsk i fagkrinsen.en_US
dc.title.alternativeHope for better times? An examination of the teacher educations' securing of the Norwegian Nynorsk competence of the students in the direction 5–10 without Norwegian in the subject circle.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeM120UND509en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal