Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBråstad, Amalie Virkesdal
dc.date.accessioned2021-08-19T12:05:15Z
dc.date.available2021-08-19T12:05:15Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2770314
dc.descriptionMaster i undervisningsvitenskap med fordypning i pedagogikk Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett (FLKI)en_US
dc.description.abstractSamfunnet er i stadig endring og utvikling, det same er skulen. Forsking viser at barn og unge er mindre fysisk aktive i dag enn dei var før, og undersøkingar viser at talet på elevar som kjenner seg umotivert i skulen stadig aukar. Dei to ulike endringane fører med seg negative konsekvensar for den unge generasjonen, men også generelt for samfunnet. Derfor kan det vere interessant å undersøkje om auka bruk av fysisk aktivitet i skulen kan fremje motivasjon for læring hos elevar, når det blir nytta som ein integrert del av undervisninga. På bakgrunn av dette er fokuset for denne studien å undersøkje korleis fysisk aktiv læring kan fremje indre motivasjon for læring hos elevar. Det teoretiske perspektivet i studien byggjer i stor grad på sjølvbestemmingsteori, ein anerkjent teori om indre motivasjon. For å best mogleg kunne belyse problemstillinga, er den vidare undersøkt i lys av to forskingsspørsmål: 1) Korleis opplever elevar at fysisk aktiv læring påverkar deira motivasjon for læring? 2) Korleis opplever lærarar at fysisk aktiv læring påverkar elevar sin motivasjon for læring? For å svare på forskingsspørsmåla, og vidare problemstillinga, er det gjennomført semistrukturerte intervju med tre elevgrupper (beståande av tre elevar i kvar gruppe) frå 5. – 7. klasse, fordelt på tre ulike skular,som har fysisk aktiv læring på skulen. I tillegg er tre lærarar som underviser i fysisk aktiv læring blitt intervjua, tilhøyrande dei tre elevgruppene. Forskingsmetoden i studien byggjer såleis på ein kvalitativ tilnærming, og funna er analysert med utgangspunkt i ein abduktiv og tematisk framgangsmåte. Funna viser at det er fleire faktorar ved fysisk aktiv læring som potensielt kan leggje til rette for indre motivasjon hos elevane. Det er sett i lys av korleis den type aktiv undervisning stimulerer elevane sitt behov for sjølvbestemming, tilhøyrsle og kompetanse. Delar av resultata viser at det kan vere faktorar som også understimulerer denne opplevinga hos elevane, slik som eksempelvis konkurransar. Det er likevel tydeleg at elevar kan bli motivert av fysisk aktiv læring og at dei opplever glede i denne undervisninga, men det krev meir forsking for å kunne anslå at dette gjelder i alle samanhengar med fysisk aktiv læring.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleFysisk aktiv læring som eit pedagogisk grep for indre motivasjonen_US
dc.title.alternativePhysically active learning as a pedagogical tool for intrinsic motivationen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeM120UND509en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal