Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMiljeteig, Anita
dc.date.accessioned2021-08-13T06:43:46Z
dc.date.available2021-08-13T06:43:46Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2767672
dc.descriptionMaster i barne- og ungdomslitteratur MBUL550 Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idretten_US
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøker korleis barnelitteraturen framstiller temaet sorg og sakn verbalt og visuelt i to utvalde bildebøker for barn. Materialet for studien er bildebøkene: Førstemamma på Mars (2013) av Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby og Akvarium (2014) av Gro Dahle og Svein Nyhus. Studien tar utgangspunkt i problemstillinga: Korleis blir temaet sorg og sakn formidla verbalt og visuelt i to bildebøker for barn? For å kunne svare på problemstillinga er det gjennomført ein litterær analyse i kombinasjon med bildebokanalyse. Bildebøkene blir først analysert kvar for seg, for så å samanliknast. I oppgåva har eg først lagt vekt på analysar og tolkingar av Førstemamma på Mars, for så å følge same struktur når det gjeld Akvarium. Førstemamma på Mars tematiserer barn som opplever alvorleg sjukdom i nær familie, medan det i Akvarium fokuserer på barn som lever med omsorgssvikt i heimen. Analysen av bildebøkene viser at barnekarakterane saknar ein morsfigur som kan vere til stades for dei. Sorga deira har opphav i ulike årsaker, og skildringane av sorgreaksjonane deira blir derfor ulike i bildebøkene. I begge bildebøkene er både verbalteksten og illustrasjonane viktige verkemiddel for å skildre opplevingane som er knytt til sorg og sakn hos barnekarakterane. Denne masteroppgåva ser på to bildebøker som tar opp temaet sorg og sakn. Det bør derfor nemnast at ein i denne oppgåva berre vil kunne trekke konklusjonar ut frå korleis sorg og sakn blir formidla i desse to bildebøkene, og ikkje i bildebøker generelt. For vidare forsking hadde det derfor vore interessant å sjå om mine funn også gjeld for eit større utval bildebøker.en_US
dc.language.isonoben_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleLitterære barnekarakterar i møte med sorg og sakn. Analysar av bildebøkene Førstemamma på Mars og Akvarium.en_US
dc.title.alternativeGrief and loss: an analysis of the characters’ emotional development in the picturebooks Førstemamma på Mars and Akvarium.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMBUL550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal