Litterære barnekarakterar i møte med sorg og sakn. Analysar av bildebøkene Førstemamma på Mars og Akvarium.
Abstract
Denne masteroppgåva undersøker korleis barnelitteraturen framstiller temaet sorg og sakn verbalt og visuelt i to utvalde bildebøker for barn. Materialet for studien er bildebøkene: Førstemamma på Mars (2013) av Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby og Akvarium (2014) av Gro Dahle og Svein Nyhus.
Studien tar utgangspunkt i problemstillinga: Korleis blir temaet sorg og sakn formidla verbalt og visuelt i to bildebøker for barn? For å kunne svare på problemstillinga er det gjennomført ein litterær analyse i kombinasjon med bildebokanalyse. Bildebøkene blir først analysert kvar for seg, for så å samanliknast. I oppgåva har eg først lagt vekt på analysar og tolkingar av Førstemamma på Mars, for så å følge same struktur når det gjeld Akvarium.
Førstemamma på Mars tematiserer barn som opplever alvorleg sjukdom i nær familie, medan det i Akvarium fokuserer på barn som lever med omsorgssvikt i heimen. Analysen av bildebøkene viser at barnekarakterane saknar ein morsfigur som kan vere til stades for dei. Sorga deira har opphav i ulike årsaker, og skildringane av sorgreaksjonane deira blir derfor ulike i bildebøkene. I begge bildebøkene er både verbalteksten og illustrasjonane viktige verkemiddel for å skildre opplevingane som er knytt til sorg og sakn hos barnekarakterane.
Denne masteroppgåva ser på to bildebøker som tar opp temaet sorg og sakn. Det bør derfor nemnast at ein i denne oppgåva berre vil kunne trekke konklusjonar ut frå korleis sorg og sakn blir formidla i desse to bildebøkene, og ikkje i bildebøker generelt. For vidare forsking hadde det derfor vore interessant å sjå om mine funn også gjeld for eit større utval bildebøker.
Description
Master i barne- og ungdomslitteratur
MBUL550
Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett