Ein kulturell plantestudie av to norske fantasyromanar for barn og ungdom.
Abstract
Denne masteroppgåva undersøker kva verdi plantene vert gitt i eit utval nyare norske fantasybøker for barn og ungdom. Planter finn me i så og sei all litteratur, men med unntak av litteratur for små barn, er det sjeldan at dei spelar hovudrolla i narrative. På grunnlag av økokritisk teori som seier at naturen påverkar kulturen og vis-a-versa er det interessant å sjå korleis to populære barne- og ungdomsbøker framstiller planter. Dette kan påverke korleis barn og unge ser på planter i det verkelege liv.
Oppgåva tek utgangspunkt i to bøker for barn og unge: Gravbøygen våkner (2005) av Sigbjørn Mostue og Odinsbarn (2013) av Siri Pettersen. I desse bøkene er plantene sentrale på kvart sitt vis. Rolla til plantene er analysert ved hjelp av litterær analyse som tek utgangspunkt i omgrepa nytteverdi, eigenverdi, aktive planter og passive planter. Desse omgrepa vert definert ved hjelp av teori knytt til kulturelle plantestudiar. I tillegg var det interessant å undersøke fantasysjangeren og forholdet den hadde til planter. Avslutningsvis drøfta eg funna opp mot ein plantesentrert versjon av NatCul-matrisa (Goga et al., 2018, s. 12). Dette gjor eg for å drøfte kva verdisyn på planter som kom fram i bøkene.
Funna viser at dei to bøkene har ulike verdisyn på planter. Gravbøygen våkner fokuserer på eigenverdien til plantene, og då spesielt verdien av plantene i eit økosystem. Boka nyttar seg i stor grad av aktive planter, og legger synsvinkelen hos plantene ved å gi dei evna til å snakke. Sett opp mot plantematrisa kan dette tyde på at boka har økosentriske haldningar. I Odinsbarn er det eit større fokus på nytteverdien til plantene. I denne boka vert ikkje synsvinkelen lagt hos plantene. Det er her eit større fokus på kva eigenskapar ulike planter har som gjer at dei kan nyttast som mat, drikke, medisin og materiale. Med eit fokus på nytteverdien til plantene og ei overvekt av passive planter plasserer boka seg mot antroposentriske haldningar. Boka utfordrar dette med å vise fram ein berekraftig bruk av planter. Eit interessant funn er at det er dei kvinnelege hovudkarakterane som innehar mest kunnskapar om planter og som ser den største verdien i plantene i begge bøkene. Det viste seg òg at tankar frå norrøn mytologi og norsk folketru har noko å seie for korleis plantene er framstilt i dei to bøkene.
Description
Master i barne- og ungdomslitteratur
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking