Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAadland, Johannes Nåden
dc.date.accessioned2021-08-04T11:44:55Z
dc.date.available2021-08-04T11:44:55Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2766212
dc.descriptionMaster i kreative fag og læreprosessar, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idretten_US
dc.description.abstractDette masterarbeidet byrja då eg og kollega Simon Kleppe Røskeland våren 2020 bestemte oss for å gjere eit større kunstnarleg samarbeid. Eg komponerte og han har skreiv tekstar til eit fonogram som me spelte inn med bandet Askeladden vinteren 2021. Problemområdet eg ville utforske, var eigne vanskar med å komponere. Dette kjente eg igjen hos elevar eg hadde undervist i komposisjon og eg valde difor å gjere utfordring med å komponere til forskingsområde. Eg brukte Mihalyi Csikszentmihalyi sin teori om flyt som rammeverk for å analysere det kunstnarlege arbeidet. I tillegg til det overordna målet om å lage plate, valde eg ei problemstilling som eg arbeidde ut ifrå: «Korleis påverkar flyt arbeidet mitt med komposisjon, og korleis påverkar innsikt i komposisjonsprosessen forståinga av undervisning i komposisjon i musikkfaget på ungdomsskulen?» I refleksjonskapittelet såg eg at flyt i arbeidet var kjenneteikna av ein tilstand der det skjedde ei rørsle i arbeidet og der eg var merksam på denne rørsla. Klare tilbakemeldingar frå vegleiar og medskaparane hjelpte meg å kome i flyt, medan manglande eigarskapskjensle og strenge krav til meg sjølv kunne hindre flytopplevinga. Det viktigaste var likevel songane, når dei utvikla seg på ein måte som gjorde at eg fekk lyst til å vidareforme dei. Ut ifrå eige arbeid drøfta eg deretter korleis ein kunne leggje til rette for arbeid med kreativitet og komposisjon i musikkfaget. Her kom eg fram til fylgjande: Skal ein leggje til rette for flyt blant elevar, må dei få nok tid og tydelege tilbakemeldingar frå kompetente lærarar som har erfaring med komposisjon. Musikklærarutdanninga må også prioritere kreativitet og komposisjon slik at lærarane utviklar evnene som skal til for å undervise elevane i kreativt arbeid.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleÅ vere i musikken. Ein autoetnografisk studie på flyt i arbeidet med musikkskaping.en_US
dc.title.alternativeImmersing in music. An autoethnographic study of flow in musical compositionen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMACREL-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal