Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMongstad, Øyvind
dc.date.accessioned2021-08-04T07:04:15Z
dc.date.available2021-08-04T07:04:15Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2766082
dc.descriptionMaster i IKT i læring, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett / instiutt for pedagogikk, religion og samfunnsfagen_US
dc.description.abstractDei vidaregåande skulane er no meir eller mindre fullt ut digitaliserte, på den måten at alle elevane har kvar sin berbare datamaskin, noko som stort sett er eit positivt tilskot til undervisninga. Vi har utvikla klasseleiing, metodikk, læremiddel og vurderingsmåtar for å tilpasse oss den nye situasjonen og det har vore investert mykje i nye læreplanar og opplæring av undervisningspersonell for å få mest mogleg ut av dette. Likevel når ein ikkje heilt opp i toppen i internasjonale rankingar, slik som PISA-undersøkinga. Med utgangspunkt i problemstillinga, "Korleis opplever elevar i vidaregåande opplæring, som set seg faglege mål, samanhengen mellom fagleg måloppnåing og digital distraksjonsåtferd?", ville eg finne svar på dei tre forskingsspørsmåla: Kva mål set elevane i vidaregåande opplæring seg?" Kva forventningar om måloppnåing har elevane? Opplever elevane sjølv dei digitale verktøya som distraherande i arbeidet? Forskinga er gjennomført som eit mixed-method studie, med utgangspunkt i Educational Design Study der utvalet er ein klasse på vidaregåande skule med 20 elevar. I denne klassen vart det gjennomførte ei spørjeundersøking, observasjon av ei økt og eit fokusgruppeintervju med 4 elevar. Elevane i fokusgruppa var plukka ut på bakgrunn av spørsmål i spørjeskjemaet som synte at dei hadde satt seg mål for opplæringa i vidaregåande skule, men seier at den utanomfaglege bruken av digitale media går utover dei måla dei har satt seg. Det kom fram i undersøkingane at elevane set seg mål. Nokre har langsiktige mål for kva dei vil gjer etter vidaregåande skule, mens andre har mål om kva karakterar dei vil ha på vitnemål eller einskildprøvar. Når det gjeld kva forventningar elevane har om måloppnåing, kjem det fram i intervjuet at desse elevane set seg mål som er relativt lette å oppnå, eller meistre. Dette er mål som berre stå i eit fag eller få ein toar på ein prøve. På spørsmålet om elevane sjølv opplever dei digitale verktøya som distraherande i læringsarbeidet, svarer dei fleste elevane at dei greier å handtere dette. Men nokre av elevane seier at dei har problem med at dei vert distrahert og at dette går ut over læringsarbeidet deira. Det ser ut som dei fleste elevane greier seg godt i den digitale kvardagen på skulen med dei digitale freistingane og mogelege distraksjonane som ligg berre nokre tastetrykk unna. Det er nokre elevar som innrømmer at dei ikkje greier å motstå freistingane og at dette går utover læringsarbeidet. Desse elevane treng hjelp frå lærarar og skulen for å komme inn i gode sirklar med måloppnåing og meistring.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleKorleis opplever elevar i vidaregåande opplæring, som set seg faglege mål, samanhengen mellom fagleg måloppnåing og digital distraksjonsåtferd?en_US
dc.title.alternativeHow do students in upper secondary schools, who set educational goals for themselves, experience the connection between achievement and digital distractionen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASIKT-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal