Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSamdal, Silje
dc.date.accessioned2021-08-03T13:02:01Z
dc.date.available2021-08-03T13:02:01Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2766050
dc.descriptionMasterprogram: IKT i læring Høgskulen på Vestlandet: Campus Storden_US
dc.description.abstractDenne studien har hatt som føremål å undersøke korleis elevar opplever bruken av dataspelet Minecraft: Education Edition i matematikk på mellomtrinnet, med fokus på om denne bruken kan bidra til utvikling av kompetansar relatert til 21st century skills som samarbeid og kommunikasjon. Studien vart gjennomført som ein kvalitativ studie med ei fenomenologisk tilnærming etter Moustakas (1994) sin modell. Datamaterialet vart samla inn ved å gjennomføre fire semistrukturerte digitale gruppeintervju med eit informantutval på totalt 16 elevar ved to ulike barneskuler på Austlandet, som hadde brukt Minecraft: Education Edition i matematikk våren 2021. Datamaterialet vart manuelt transkribert og analysert i tråd med Stevick-Colaizzi-Keen-metoden for fenomenologisk reduksjon. Funn frå studien viser at samarbeid, i form av det å arbeide i eit fellesskap med andre og det å føle på eit fellesskap med andre, stod fram som ei sentral oppleving for informantane ved bruk av Minecraft i undervisninga. Dei fleste informantane opplevde samarbeid som noko positivt og valde å samarbeide også når det ikkje var påkravd. Konflikthandtering var ei anna oppleving som vart trekt fram av informantane. Dei peika på at god kommunikasjon var viktig for å unngå konfliktar, men viste samstundes til ulike metodar for konfliktløysing når ueinigheiter oppstod. Opplevinga av å ha ei form for arbeidsfordeling i Minecraft var også utbredt blant informantane, der informantane tok på seg og flytta seg mellom ulike roller som del av gruppesamarbeidet. I forhold til kommunikasjon opplevde informantane at munnleg dialog var å føretrekke når dei samarbeida i Minecraft, så lengde det var fysisk mogleg, og den innebygde digitale chatten vart berre brukt unntaksvis. I tillegg opplevde informantane at spelkyndigheit og spelteknisk erfaring var fordelaktig for å få til eit godt samarbeid i Minecraft, og 15 av 16 informantar meldte om tidlegare spelerfaring med Minecraft. Funn som ikkje var direkte relevante for forskingsspørsmåla viste elles at informantane opplevde det å spele Minecraft som gøy, samt at fleire informantar hadde positive opplevingar knyt til korleis bruken av blokker i Minecraft kunne bidra til visualisering av matematikk. Om enn resultata frå studien ikkje kan generaliserast, så vil dei forhåpentlegvis vere til inspirasjon for vidare forsking på spelbasert læring, 21st century skills og bruken av Minecraft: Education Edition som læringsverktøy.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleMinecraft Education Edition og 21st century skills: Elevar sine opplevingar i matematikken_US
dc.title.alternativeMinecraft Education Edition and 21st century skills: Students´ experiences in mathematicsen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASIKT-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal