Spelbasert læring - Læraren si rolle og føresetnadar for bruk av spelbasert læring i undervisning
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2766042Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette forskingsprosjektet har hatt som formål å undersøkje kva for føresetnadar lærarar i grunnskulen har for å implementere spelbasert læring i eiga undervisning. Forskingsspørsmåla i prosjektet tar for seg korleis spelkyndighet kan påverke bruken av spelbasert læring, korleis lærarane opplever dei tekniske og administrative rammefaktorane, og korleis lærarane opplever høve for kompetanseutvikling innanfor spelbasert læring. For å få svar på desse spørsmåla vart det valgt å gå videre med eit kvalitativt fokus for prosjektet. Metode for datainnsamling vart difor semistrukturerte intervju med informantane. Dette gav høve for at informantane kunne fortelje i detalj kva erfaringar dei har hatt med spelbasert læring. Alle intervjua vart utført via Zoom som gav høve for større geografisk spredning mellom informantane. Resultata viser at informantane i undersøkinga har minimum tre års erfaring med bruk av spelbasert læring, og er godt kjende med metoden. Informantane grunngir vala dei tar for å nytte seg av spelbasert læring, der dei fokuserer på dei pedagogiske og didaktiske elementa ved bruk av metoden. Spelkyndighet, eller video game literacy, hengjer tett saman med omgrepet digital kompetanse. Resultata viser at spelkyndigheten til læraren vil i stor grad kunne påverke bruken av spelbasert læring i undervisninga.
Blant informantane opplevdes dei tekniske og administrative rammefaktorane nokså ulikt. Nokre informantar har tilgang på utstyr berekna på ‘gaming’, medan andre må ta til takke med smartboard og privat utstyr i undervisninga. Resultata viser at skulane med gode føresetnadar for bruk av spelbasert læring er dei skulane som har spelbasert læring som eget satsingsområde. Med eit godt samarbeid med leiinga på skulen vil ein kunne få betre høve for spelbasert læring enn ein kan som ein enkelt lærar. Informantane opplever at det er lite høve for kompetanseutvikling innanfor spelbasert læring. Med innføringen av fagfornyinga er det eit fornya fokus på den digitale kompetansen i skulen, som også burde vere tilstades i lærarutdanninga. Aktuell forsking viser derimot at lærarutdanninga ikkje er gode nok på den digitale kompetansen. Ved å nytte spelbasert læring i skulen er det difor høve for å vidareutvikle den digitale kompentansen til elevane gjennom eit kjent medie. Gjennom kollegasamarbeid vil det også vere mogleg å utvikle den digitale kompetansen blant lærarar ved bruk av metoden. Men for at implementeringa skal lukkast, vil ein vere avhengig av kompetente ressurspersonar
Beskrivelse
IKT i Læring,
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett: Campus Stord