Show simple item record

dc.contributor.authorLunde, Frida
dc.date.accessioned2021-08-03T12:13:02Z
dc.date.available2021-08-03T12:13:02Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2766037
dc.descriptionIKT i Læring, Høgskulen på Vestlandet, campus Stord, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfagen_US
dc.description.abstractI dagens samfunn kjem det stadig meir teknologi. Samstundes som dette skjer blir skulane meir digitalisert. Fleire skular tek i bruk digitale verktøy og fleire elevar får eigne nettbrett. Denne studien handlar om lærarar sine erfaringar av å bruke nettbrett i undervisninga for å tilpasse opplæringa i barneskulen. Formålet med undersøkinga var å få eit innblikk i lærarane sine tankar rundt dette. Gjennom oppgåva har eg arbeida etter følgjande problemstilling: Korleis kan lærarar bruke nettbrett i undervisninga for å tilpasse opplæringa i barneskulen? For å svare på problemstillinga på best mogleg måte formulerte eg tre forskingsspørsmål: 1. Kva for nokre erfaringar har lærarar med å bruke nettbrett i undervisninga? 2. Korleis opplever lærarane at nettbrettet kan bidra for å tilpasse opplæringa? 3. Korleis kan bruk av nettbrett skape motivasjon hos elevane? Studien har brukt ein kvalitativ forskingsmetode med hermeneutikk som vitskapleg perspektiv. Datainnsamlinga blei gjort ved fire semistrukturerte intervju med fire lærarar som arbeider med nettbrett i undervisninga innanfor 1.-7. trinn på barneskulen. Studien sine teoretiske tilnærmingar for å belyse og analysere problemstillinga er hovudsakleg sosiokulturell læringsperspektiv, teori om tilpassa opplæring, nettbrett og digitale ferdigheiter, nettbrett og tilpassa opplæring og motivasjon. Med utgangspunkt i det transkriberte datamaterialet og intervjuguiden valde eg å bruke forskingsspørsmåla mine som utgangspunkt for å utvikle fire kategoriar for å presentere funna mine og drøfte desse opp mot teori. Desse kategoriane er Tilpassa opplæring, Lærarens erfaringar med nettbrett, Nettbrett og tilpassa opplæring og Nettbrett og motivasjon. Dei viktigaste funna frå denne undersøkinga er at når ein brukar nettbrett i undervisninga opnar det opp for fleire moglegheiter for elevane. Lærarane kan enklare tilpasse opplæringa til kvar elev ut i frå deira nivå. Nettbrettet opnar opp for mange måtar å løyse ei oppgåve på. Lærarane meiner at fleire applikasjonar er gode verktøy for å legge til rette undervisninga. Eit viktig funn er at når ein nyttar nettbrett i undervisninga er det enklare å legge til rette for at elevane skal meistre ettersom mykje vert tilpassa av seg sjølv når ein brukar applikasjonar. I tillegg er elevane veldig motiverte for å arbeide med nettbrett i undervisninga.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleEin kvalitativ studie om lærarar sine erfaringar av å bruke nettbrett i undervisninga for å tilpasse opplæringa i barneskulenen_US
dc.title.alternativeA qualitative study of teachers' experiences of using tablets in the classroom to adapt the teaching in primary schoolen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASIKT-OPGen_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal