Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGjerde, Stein Magnar
dc.date.accessioned2015-01-30T10:18:48Z
dc.date.available2015-01-30T10:18:48Z
dc.date.issued2015-01-30
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/275096
dc.description.abstractTalet på studium ved norske universitet og høgskular som blir lyste ut som fleksible utdanningar aukar stadig. I eit internasjonalt perspektiv kan ein sjå ei utvikling som går i same retning, særskilt med tanke på såkalla Massive Open Online Courses (MOOC). I denne fleksible utdanningar har bruk av teknologi alltid vore framtredande og ein medverkande faktor til at stadig fleire studiar kan gjerast tilgjengelige for stadig fleire studentar, uavhengig av geografisk plassering. Fleksible utdanningar blir i denne oppgåva definert som studium som er dels samlingsbasert på campus, dels nettbasert og støtta av IKT. Denne masteroppgåva tek for seg eit fenomen, bruken av sosial web, og koplar dette særskilt til fleksible utdanningar. Målet for oppgåva er å vise korleis masterstudentar omtalar bruken av sosial web for å realiser eigne målsetjingar og forventningar til eige studium. Forskingsspørsmåla er som følgjer: 1) Korleis skildrar masterstudentane eigen motivasjon, eigne målsetjingar og forventningar i høve til masterstudiet? og 2) Korleis omtalar og vurderer studentane kva tyding bruk av sosial web har for motivasjon og realisering av målsetjingar og forventningar i høve til masterstudiet? For å kunne svare på desse spørsmåla har eg brukt tidelegare forsking på motivasjon og meistring, bruk av IKT i fleksible utdanningar og fråfall i høgare utdanning. I tillegg ligg det føre dokumentanalyse av stortingsmeldingar, offentlege rapportar og utgreiingar innanfor fagfeltet. Det teoretiske rammeverket tek utgangspunkt i teoriar om meistringsforventning (self-efficacy), sosiokulturell- og motivasjonsteori. Utvalet består av fem informantar som er masterstudentar innan helsefag. Informantane blei intervjua ved hjelp av semistrukturerte livsverdsintervju, desse blei først transkriberte og deretter skrivne ut som tjukke skildringar. På grunnlag av funna i intervju kunne eg utvikle tre kategoriar for den vidare dataanalysen. Funna i intervjua viser at informantane har positiv meistringsforventning og høg motivasjon. Motivasjonen viser seg som både ytre og indre motivasjon. Informantane er gode dømer på sterk sjølvregulering, dei er svært medviten om kva som skal til for å nå målsetjingane sine. Funna viser også at sosial web i hovudsak har ein utfyllande funksjon i studiet, den gjer det lettare å vere student. Informasjon frå informantane viser likevel at sosial web kan ha eit ikkje- realisert potensiale i høgare utdanning, dei ønskjer meir bruk, både fagleg og sosialt. Funna i denne kvalitative kasusstudien samsvara godt med større kvantitative studiar innan fagfeltet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectIKTnb_NO
dc.titleSosial web i fleksible utdanningar: Korleis omtalar masterstudentar tydinga av sosial web for å realisere eigne forventningar og målsettingar i fleksible utdanningar?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel