Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBerstad, Åse-Birgitte
dc.date.accessioned2014-12-22T07:38:07Z
dc.date.available2014-12-22T07:38:07Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/273293
dc.descriptionMaster in Landscape Planning November 2014nb_NO
dc.description.abstractSitkagran (Picea sitchensis) er planta langs store delar av kysten og spreier seg no i kystlynghei, som er ein truga naturtype. Arten har høg økologisk risiko for naturmangfaldet men er også økonomisk viktig for skogbruket. Gode metodar er difor avgjerande for å overvake utviklinga. Studien hadde som mål var å undersøke (1) generelle endringar i landskapet ved Drage, Selje og Raudeberg over tid; (2) kva naturtypar og kor mykje areal sitkagran har spreidd seg til; og (3) om metoden fungerer til desse føremåla og gjev representative resultat. Studieområdet ligg nordvest i Sogn og Fjordane fylke i Selje og Vågsøy kommunar. Landskapet vart analysert ved hjelp av GIS, flyfototolking og feltkontrollar. Flyfoto frå 1960-, 1980- og 2000-talet vart analysert i ti ruter (100 x 100 m) i tre blokker (1 km2), totalt 30 ruter. Naturtypar og treslagsdominans vart klassifisert i kvar rute for kvart flyfoto. Naturleg forynging av sitkagran, suksesjonsfase og hogstklasse vart registrert i kvar rute ved feltkontroll. For å teste korleis rutene representerte variasjonen i naturtypar vart kvar blokk samanlikna med respektive ruter ved utrekning av Keyfitz’s delta. Resultata viste først og fremst ei generell auke i tresett areal som følgje av skogplanting med sitkagran. Som konsekvens har arealet med kystlynghei minka drastisk. Naturleg forynging av sitkagran var utbreidd, først og fremst i kystlynghei, men òg i myrkant, kulturmark, skog og vegkantar. Fem ruter var nok til å representere landskapet på ein akseptabel måte. Alt i alt er det skogreisinga som har endra landskapet mest hittil, medan landskapet i tida framover vil truleg endrast mykje også grunna spreiing av sitkagran. Romleg analyse basert på flyfototolking vil med visse forbetringar vere ein effektiv måte å overvake landskapsendringar og estimere spreiinga av sitkagran.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectlandskapsøkologinb_NO
dc.subjectinvasjonsøkologinb_NO
dc.subjectinvaderende fremmede arternb_NO
dc.subjectinvaderande framande artarnb_NO
dc.subjectflyfototolkingnb_NO
dc.subjectpicea sitchensisnb_NO
dc.subjectsitkagrannb_NO
dc.titleEndringar i eit vestnorsk kystlandskap som følgje av planting og naturleg forynging av sitkagran (Picea sitchensis) : ein landskapsøkologisk og metodisk studienb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber50nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel