• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Fakultet for ingeniør- og naturvitskap / Faculty of Engineering and Science
  • Institutt for miljø- og naturvitskap
  • View Item
  •   Home
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Fakultet for ingeniør- og naturvitskap / Faculty of Engineering and Science
  • Institutt for miljø- og naturvitskap
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Endringar i eit vestnorsk kystlandskap som følgje av planting og naturleg forynging av sitkagran (Picea sitchensis) : ein landskapsøkologisk og metodisk studie

Berstad, Åse-Birgitte
Master thesis
Thumbnail
View/Open
Berstad_Åse-Birgitte.pdf (3.495Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/273293
Date
2014
Metadata
Show full item record
Collections
  • Institutt for miljø- og naturvitskap [569]
Abstract
Sitkagran (Picea sitchensis) er planta langs store delar av kysten og spreier seg no i kystlynghei, som er ein truga naturtype. Arten har høg økologisk risiko for naturmangfaldet men er også økonomisk viktig for skogbruket. Gode metodar er difor avgjerande for å overvake utviklinga. Studien hadde som mål var å undersøke (1) generelle endringar i landskapet ved Drage, Selje og Raudeberg over tid; (2) kva naturtypar og kor mykje areal sitkagran har spreidd seg til; og (3) om metoden fungerer til desse føremåla og gjev representative resultat.

Studieområdet ligg nordvest i Sogn og Fjordane fylke i Selje og Vågsøy kommunar. Landskapet vart analysert ved hjelp av GIS, flyfototolking og feltkontrollar. Flyfoto frå 1960-, 1980- og 2000-talet vart analysert i ti ruter (100 x 100 m) i tre blokker (1 km2), totalt 30 ruter. Naturtypar og treslagsdominans vart klassifisert i kvar rute for kvart flyfoto. Naturleg forynging av sitkagran, suksesjonsfase og hogstklasse vart registrert i kvar rute ved feltkontroll. For å teste korleis rutene representerte variasjonen i naturtypar vart kvar blokk samanlikna med respektive ruter ved utrekning av Keyfitz’s delta.

Resultata viste først og fremst ei generell auke i tresett areal som følgje av skogplanting med sitkagran. Som konsekvens har arealet med kystlynghei minka drastisk. Naturleg forynging av sitkagran var utbreidd, først og fremst i kystlynghei, men òg i myrkant, kulturmark, skog og vegkantar. Fem ruter var nok til å representere landskapet på ein akseptabel måte. Alt i alt er det skogreisinga som har endra landskapet mest hittil, medan landskapet i tida framover vil truleg endrast mykje også grunna spreiing av sitkagran. Romleg analyse basert på flyfototolking vil med visse forbetringar vere ein effektiv måte å overvake landskapsendringar og estimere spreiinga av sitkagran.
Description
Master in Landscape Planning November 2014

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit