Prosjekt Livslang læring i HVL
Report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2732776Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
- HVL-Rapport [73]
Sammendrag
Prosjekt Livslang læring i HVL har vore knytt til kva ambisjonar HVL har for å realisere regjeringa si satsing på kompetanse og det å lære heile livet. HVL ynskjer å vere den føretrekte samarbeidspartnaren og betydeleg aktør for regional utvikling. Målet er å bli universitetet med profesjons- og arbeidslivsretta profil som bidrar med vekst, innovasjon og verdiskaping i og for regionen. Overordna målsetjing med Prosjekt Livslang læring i HVL har vore å svare ut; Kva ambisjonar har HVL med livslang læring, og korleis skal me nå desse måla?
Utfordringar som har komme opp i prosjektet er i hovudsak knytt til felles forståing, fleksibilitet og fart. Fokus har vore på korleis ressursar og kapasitet på fagsida og i administrasjonen kan vere nøkkelen for å svare godt på samfunns- og arbeidsliv sitt behov for livslang læring.
Fagkompetansen er heilt sentral for å lukkast med å svare på Kompetansereforma. Fakulteta må ha kapasitet til å ta i mot og svare ut på dei utfordringane som kjem. Dei fagtilsette må samhandle internt og eksternt for å utvikle nye prosjekt, og leiarar må prioritere arbeidet med livslang læring. For å svare på kompetansereforma har HVL behov for forenkling av prosessar, tydeleg prosjektkoordinering og tidleg involvering. Struktur for samhandling og kultur for samhandling både internt og eksternt ser ut til å vere sentrale utviklingsområde.
Eit klart signal frå prosjektgruppa er at det må gjerast grep for å gi kraft til HVL sitt arbeid med livslang læring. Det har blitt gjort eit stort stykke arbeid med mange involverte i dette prosjektet som har gått føre seg på ulike plan og med ulike innfallsvinklar.
Prosjekt Livslang læring i HVL har hatt fokus på fire område:
1. Prosessar som ligg til grunn for å utvikle relevant livslang læring
2. Ansvar og roller ved utvikling, etablering og gjennomføring av livslang læring
3. Prosessar, ansvar og roller ved utvikling av marknadsstrategi og -plan, og marknadsføring og rekruttering av studentar
4. Servicefunksjonar som trengst på campus og digitalt
I tillegg har prosjektet sett på modellar for framtidig organisering av område livslang læring i HVL.
Beskrivelse
Skriftserien ved HVL, rapport