Show simple item record

dc.contributor.authorNesse, Haldri Kristine Vespestad
dc.date.accessioned2020-10-22T08:55:25Z
dc.date.available2020-10-22T08:55:25Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2684387
dc.descriptionMasteroppgave i areal og eiendom, Institutt for byggfag, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen.en_US
dc.description.abstractMasteroppgåva sitt formål var å setje lys på sosiale effektar som oppstår i ei jordskiftesak, samt korleis dei påverkar partane. Undersøkingsfeltet vart avgrensa til saker etter jordskiftelova 1979 § 2 fyrste ledd bokstav b og jordskiftelova 2013 § 3-4. Det vart òg kravd at jordskiftesakene måtte vere innanfor førehandsbestemte tidsintervall: - År 1997 – 1999 - År 2002 – 2004 - År 2007 – 2009 - År 2012 – 2014 - År 2017 – 2019 Problemstillinga i oppgåva var: «Kva sosiale effektar medførte jordskifte etter jordskiftelova 1979 § 2 fyrste ledd bokstav b og jordskiftelova 2013 § 3-4?». Det vart utarbeida fire underproblemstillingar for å belyse og svara på problemstillinga. Ved bruk av telefonintervju, vart 25 partar frå 11 ulike jordskifterettar intervjua. For å belyse dei sosiale effektane av jordskifte tilstrekkeleg, var det naturleg å spørje om korleis jordskiftet påverka partane sjølv, relasjonen deira og konfliktnivået i saka. Dei fire underproblemstillingane var: 1. Kva sosiale effektar medførte saka for partane sin relasjon, og i kva grad slo effektane ut negativt eller positivt? 2. Kva sosiale effektar medførte saka for partane sjølv, og i kva grad slo effektane ut negativt eller positivt? 3. Kva skyldte dei sosiale effektane? 4. Korleis utviklar konfliktnivået seg? For å setje lys på problemstillinga, vart kvalitativ metode med intervjuguide nytta. Bakgrunn for val av kvalitativ metode var ønskje om å gå i djupna ved hjelp av intervju. Ved hjelp av ei teoretisk referanseramme, var hovudfunna transformasjon i relasjon, samarbeid og konflikt som følgje av jordskiftesaka.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleEi undersøking av sosiale effektar av jordskifte – ved ny utforming av eigedom og alltidvarande bruksretten_US
dc.title.alternativeA study of social effects of land consolidation – by redesigning property and perpetual right of useen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMOA300en_US


Files in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal