Ei undersøking av sosiale effektar av jordskifte – ved ny utforming av eigedom og alltidvarande bruksrett
Abstract
Masteroppgåva sitt formål var å setje lys på sosiale effektar som oppstår i ei jordskiftesak, samt
korleis dei påverkar partane. Undersøkingsfeltet vart avgrensa til saker etter jordskiftelova 1979 § 2
fyrste ledd bokstav b og jordskiftelova 2013 § 3-4. Det vart òg kravd at jordskiftesakene måtte vere
innanfor førehandsbestemte tidsintervall:
- År 1997 – 1999
- År 2002 – 2004
- År 2007 – 2009
- År 2012 – 2014
- År 2017 – 2019
Problemstillinga i oppgåva var:
«Kva sosiale effektar medførte jordskifte etter jordskiftelova 1979 § 2 fyrste ledd bokstav b og
jordskiftelova 2013 § 3-4?».
Det vart utarbeida fire underproblemstillingar for å belyse og svara på problemstillinga. Ved bruk av
telefonintervju, vart 25 partar frå 11 ulike jordskifterettar intervjua. For å belyse dei sosiale effektane
av jordskifte tilstrekkeleg, var det naturleg å spørje om korleis jordskiftet påverka partane sjølv,
relasjonen deira og konfliktnivået i saka. Dei fire underproblemstillingane var:
1. Kva sosiale effektar medførte saka for partane sin relasjon, og i kva grad slo effektane ut
negativt eller positivt?
2. Kva sosiale effektar medførte saka for partane sjølv, og i kva grad slo effektane ut negativt
eller positivt?
3. Kva skyldte dei sosiale effektane?
4. Korleis utviklar konfliktnivået seg?
For å setje lys på problemstillinga, vart kvalitativ metode med intervjuguide nytta. Bakgrunn for val
av kvalitativ metode var ønskje om å gå i djupna ved hjelp av intervju.
Ved hjelp av ei teoretisk referanseramme, var hovudfunna transformasjon i relasjon, samarbeid og
konflikt som følgje av jordskiftesaka.
Description
Masteroppgave i areal og eiendom, Institutt for byggfag, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen.