Profesjonelle musikarar og deira undervisningspraksis.
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2681570Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for kunstfag [263]
Sammendrag
Denne masteroppgåva ser på korleis utøvande musikarar utan pedagogisk bakgrunn har utvikla sin undervisningspraksis. Fire kvalitative intervju dannar datamaterialet for prosjektet, der to informantar er klassiske instrumentalistar, ein er autodidakt instrumentalist og ein er utdanna komponist. Gjennom deira skildringar av eigen undervisningspraksis ønskjer eg å forstå korleis slike praksisar konstruerast og utviklast. Det sosiokulturelle læringssyn og meisterlære er to viktige teoretiske utgangspunkt. Studien bekreftar tidlegare forsking på instrumentalundervisning som erfaringsbasert og at instrumentallærarar på høgare musikkutdanning jobbar isolert frå kvarandre, som i «ein hemmelig hage». Blant funna eg vil trekke fram er at av erfaringar som instrumentallærarane tek med seg, er dei dårlege erfaringane og vandrehistoriar om andre, «dårlege eksempel» på instrumentalundervisning i kulturen også med på å forme undervisningspraksisen. Sjølv om instrumentalundervisning på høgare nivå opprettheld historiar om den autoritære lærar, finn eg ingen slike trekk i mine informantar. Dei driv med undervisning i den mengden som passar dei best, og motivasjonen for å undervise er at det er givande og utviklande for deira eigen del. I tillegg tenker dei i tråd med det sosiokulturelle læringssyn, om at eleven må vere utgangspunktet for undervisninga, og må gjerne søke impulsar frå fleire hald. Underteikna etterlyser difor meir forsking på kvifor det er ein dissonans mellom desse «vandrehistoriane» og instrumentallærarane sine eigne perspektiv.
Beskrivelse
Master i Estetiske Fag- og Læreprosessar (MACREL), HVL Stord