Show simple item record

dc.contributor.authorHole, Hans Kristian Hjellbakk
dc.date.accessioned2020-09-28T08:50:01Z
dc.date.available2020-09-28T08:50:01Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2679888
dc.descriptionMaster i idrettsvitskap Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for idrett, kosthold og naturfag Innleveringsdato: 28/05-2020en_US
dc.description.abstractFrå hausten 2020 blir nytt læreplanverk innført i grunn- og vidaregåande skule i Noreg. Det vil gje nye føringar og danne nytt rammeverk for kva faga skal innehalde og korleis det skal legitimerast. Ut i frå læreplanforsking visar det seg å vere lang veg frå politiske vedtak på nasjonalt nivå, til implementering og realisering ved lokalt nivå. Samstundes som realisering av nye planar er utfordrande står kroppsøvingsfaget over eksisterande utfordringar rundt faget sin legitimitet, kor ulik og mindre formålstenlege legitimeringar verkar å rå over faget. I dette studiet undersøkast kroppsøvingslærarar ved vidaregåande skular si oppfatning av kroppsøvingsfaget sin legitimitet og fagfornying. Problemstillingane er difor som følgjer Korleis oppfattar kroppsøvingslærarar i den vidaregåande skule kroppsøvingsfaget si legitimering? Korleis oppfattar kroppsøvingslærarar i den vidaregåande skule kroppsøvingsfaget si fagfornying? Hensikta var å undersøkje ulike måtar lærarar oppfattar legitimeringa av faget og fagfornyinga for å synleggjere ulike aspekt som inngår i kroppsøvingslærarar på vidaregåande skule sin forståing av kvifor vi har faget, og korleis det er på veg til å endre seg i framtida. Utvalet i studien besto av 17 lærarar, derav åtte kvinnelege og ni mannlege lærarar frå ulike skular i Oslo, Viken, Vestfold og Telemark, Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal. For å undersøke fenomena «legitimering» og «fagfornying» blei fenomenografisk forskingsmetode nytta. Denne tilnærminga er spesialisert for å kaste ljos over variasjonar i korleis menneskjer erfarer, oppfattar og forstår det same fenomenet. Lærarar sine oppfatningar blei i analysa kategorisert som grunnlag for finne ulike måtar å oppfatte fenomena, og difor variasjon i deira forståing av kroppsøvingsfaget sin legitimitet og fagfornying. Funn viser at det er variasjon i korleis lærarar forstår faget sin legitimitet og korleis dei oppfattar fagfornyinga. For fenomenet legitimering viser funna fire beskrivingskategoriar som beskriv lærarar si forståing for kvifor vi har kroppsøvingsfaget i skulen. Desse er læring, helse, livslang rørsleglede og allmenndanning. Ut i frå variasjonen verkar oppfatningar både å vere i tråd og ikkje i tråd med faget sin læreplan. Samstundes kan ein også i størst grad sjå at faget legitimerast gjennom ulike nytteverdiar og instrumentale formål. Ved fagfornyinga kan lærarane sine oppfatningar beskrivast gjennom kategoriane: ikkje naudsynt, utfordrande, feil fokus og tidsaktuelt med fagfornying. Utfallsrommet viser at det både er lærarar som oppfattar fagfornyinga tidsaktuelt og i tråd med samfunnet, men også lærarar som oppfattar at fagfornying ikkje er naudsynt, der endringar står fram som risikable og at den har ført til feil fokus.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectkroppsøvingen_US
dc.subjectoppfatningen_US
dc.subjectkroppsøvingslærararen_US
dc.subjectnytteverdien_US
dc.subjectfenomenografien_US
dc.subjectlegitimeringen_US
dc.subjectnytteverdien_US
dc.subjecteigenverdien_US
dc.subjectfagfornyingen_US
dc.subjectlæreplanen_US
dc.titleEin studie av korleis kroppsøvingslærarar i vidaregåande skule oppfattar kroppsøvingsfaget si legitimering og fagfornyinga 2020en_US
dc.title.alternativeA study of how physical education teachers in high school perceive the legitimation and renewal (2020) of the subject physical educationen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber93en_US
dc.description.localcodeMIDR506en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal