Ein studie av korleis kroppsøvingslærarar i vidaregåande skule oppfattar kroppsøvingsfaget si legitimering og fagfornyinga 2020
Abstract
Frå hausten 2020 blir nytt læreplanverk innført i grunn- og vidaregåande skule i Noreg. Det vil gje nye føringar og danne nytt rammeverk for kva faga skal innehalde og korleis det skal legitimerast. Ut i frå læreplanforsking visar det seg å vere lang veg frå politiske vedtak på nasjonalt nivå, til implementering og realisering ved lokalt nivå. Samstundes som realisering av nye planar er utfordrande står kroppsøvingsfaget over eksisterande utfordringar rundt faget sin legitimitet, kor ulik og mindre formålstenlege legitimeringar verkar å rå over faget. I dette studiet undersøkast kroppsøvingslærarar ved vidaregåande skular si oppfatning av kroppsøvingsfaget sin legitimitet og fagfornying. Problemstillingane er difor som følgjer
Korleis oppfattar kroppsøvingslærarar i den vidaregåande skule kroppsøvingsfaget si legitimering?
Korleis oppfattar kroppsøvingslærarar i den vidaregåande skule kroppsøvingsfaget si fagfornying?
Hensikta var å undersøkje ulike måtar lærarar oppfattar legitimeringa av faget og fagfornyinga for å synleggjere ulike aspekt som inngår i kroppsøvingslærarar på vidaregåande skule sin forståing av kvifor vi har faget, og korleis det er på veg til å endre seg i framtida. Utvalet i studien besto av 17 lærarar, derav åtte kvinnelege og ni mannlege lærarar frå ulike skular i Oslo, Viken, Vestfold og Telemark, Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal. For å undersøke fenomena «legitimering» og «fagfornying» blei fenomenografisk forskingsmetode nytta. Denne tilnærminga er spesialisert for å kaste ljos over variasjonar i korleis menneskjer erfarer, oppfattar og forstår det same fenomenet. Lærarar sine oppfatningar blei i analysa kategorisert som grunnlag for finne ulike måtar å oppfatte fenomena, og difor variasjon i deira forståing av kroppsøvingsfaget sin legitimitet og fagfornying.
Funn viser at det er variasjon i korleis lærarar forstår faget sin legitimitet og korleis dei oppfattar fagfornyinga. For fenomenet legitimering viser funna fire beskrivingskategoriar som beskriv lærarar si forståing for kvifor vi har kroppsøvingsfaget i skulen. Desse er læring, helse, livslang rørsleglede og allmenndanning. Ut i frå variasjonen verkar oppfatningar både å vere i tråd og ikkje i tråd med faget sin læreplan. Samstundes kan ein også i størst grad sjå at faget legitimerast gjennom ulike nytteverdiar og instrumentale formål. Ved fagfornyinga kan lærarane sine oppfatningar beskrivast gjennom kategoriane: ikkje naudsynt, utfordrande, feil fokus og tidsaktuelt med fagfornying.
Utfallsrommet viser at det både er lærarar som oppfattar fagfornyinga tidsaktuelt og i tråd med samfunnet, men også lærarar som oppfattar at fagfornying ikkje er naudsynt, der endringar står fram som risikable og at den har ført til feil fokus.
Description
Master i idrettsvitskap
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Institutt for idrett, kosthold og naturfag
Innleveringsdato: 28/05-2020