Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorYndesdal, Brage Johannes Sterri
dc.date.accessioned2020-08-10T07:31:41Z
dc.date.available2020-08-10T07:31:41Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2671257
dc.descriptionMaster i undervisingsvitskap med fordjuping i pedagogikk, Campus Bergenen_US
dc.description.abstractDet viktigaste i læraryrket er etter mi meining er å vere til stades på eit medmenneskeleg plan for kvar enkelt elev, å vise at ein bryr seg og er interessert i at elevane skal ha det best mogleg. Dette er bakgrunnen for at eg gjennom masterprosjektet mitt ville bygge kunnskap som set meg betre i stand til å forstå elevar sine opplevingar kring negativ språkbruk. Tema for masteravhandlinga er å undersøke negativ språkbruk blant ei gruppe elevar. Gjennom fokusgruppeintervju, personlege intervju og dagboknotat har eg samla data om kva forhold 32 elevar i sjuande klasse ved ein skule i Bergen, har til negativ språkbruk. Eg har ei sosiolingvistisk tilnærming, der språket vert sett i ein sosial samanheng. Ved å hente inspirasjon frå grounded theory som forskingsmetode, har studien hatt eit ope utgangspunkt. Identitet, haldningar, kontekst og konsekvensar er dei relevante analysekategoriane. Funna i analysen er drøfta i lys av utviklingspsykologisk, sosiolingvistisk og sosiologisk teori. Negativ språkbruk er ein del av daglegtalen til elevane. Gruppetilhøyrsle og gruppeidentitet er viktig. Språkfellesskapet definerer gruppa, og negativ språkbruk definerer gruppehierarkiet. Elevane har delt korleis negativ språkbruk verkar på dei. Det var ulike synspunkt på dette. Likevel er ytringa «det blir til slutt ei sanning i ditt eige hovud og du kjenner deg som ein drit», eit godt bilete på konsekvensar av å bli utsett for negativt språk. Funna i analysen av elevane sine ytringar om forhold til negativ språkbruk, korleis dei opplever det og kva det gjer med dei, er drøfta i lys av teori om identitet, identitetsutvikling og kommunikasjon. Identiteten blir til i samhandling med andre. Gjennom modning evnar vi å ta andre sitt perspektiv. Systematisk arbeid med haldningar til negativt språkbruk i skulen, må involvere ungdommane og ha god forankring i elevgruppa. For å lukkast med dette må vi bygge på ei god forståing av dynamikken og kompleksiteten i kommunikasjonsprosessen. Dette dannar grunnlaget for å forstå bakgrunnen for at negativ språkbruk er ein del av ungdomsspråket, kva funksjon det har og korleis det påverkar både enkeltindividet og ungdomsgruppa. Det legg også grunnlaget for å forstå kompleksiteten eg som lærar, og skulen samla sett, må ta omsyn til i arbeid med å førebygge og redusere omfang av negativt språk. Målet er eit godt læringsmiljø og ein trygg skulekvardagen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleElevar om negativ språkbruk: «Det blir ei sanning i ditt eige hovud – du kjenner deg som ein drit»en_US
dc.title.alternativePupils about negative language: «It becomes a truth inside your head – you feel like shit»en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber101en_US
dc.description.localcodeM120UND509en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal