Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVerlo, Synnøve
dc.date.accessioned2020-08-10T07:29:11Z
dc.date.available2020-08-10T07:29:11Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2671255
dc.descriptionMaster i undervisningsvitskap med fordjuping i pedagogikk, Campus Bergenen_US
dc.description.abstractMobbing mellom skuleelevar har dei seinare åra endra karakter frå fysisk fornærming til at slike negative handlingar blir gjennomført via digitale verktøy. Føremålet med denne oppgåva har vore å undersøkje kva utfordringar lærarar i skulen i dag opplever i møtet med å førebyggje digital mobbing blant elevane. For å finne ut dette har eg gjennomført kvalitative intervju med ei semistrukturert utforming. Eg har intervjua seks lærarar – tre menn og tre kvinner frå ulike grunnskular i Norge. Studien er avgrensa til å gjelde informantane sine synspunkt og erfaringar med digital mobbing, og fokuserer i mindre grad på skulen som organisasjon. Alle informantane har allmenn lærarutdanning som bakgrunn, med ulik grad av vidareutdanning. I dag jobbar alle som kontaktlærarar for kvar sine klassar på ulike trinn i grunnskulen. Det er eit større spenn blant informantane i kor lenge dei har jobba som lærarar, men alle har vore i yrket i minimum ti år. Ei jamn fordeling av kjønn, samt ulik alder og fartstid i skulen medverkar til å gje studien viktige nyansar. Studien byggjer på teoretiske perspektiv og forsking knytt til digital mobbing. Denne undersøkinga viser at lærarar i skulen i dag opplever fleire utfordringar med digital mobbing. Gjennomgåande hos alle informantane er at dei i aukande grad brukar ein del tid og ressursar på å ordne opp i og førebyggje utvikling av mobbesituasjonar blant elevane. Det handlar om at elevane ikkje ser ut til å forstå konsekvensane av dei digitale handlingane sine, og at elevane trur at det ikkje finst grenser for kva ein kan seie og gjere når ein sit bak ein skjerm. Informantane opplever at elevane har lågare terskel for å mobbe digitalt enn ansikttil-ansikt. Det kjem også fram at læraren til tider opplever at føresette ikkje vil ta innover seg eller heilt forstår at deira barn er involvert i digital mobbing. Det skjer at foreldre ikkje tek ansvar for barna sine digitale handlingar, og heller ikkje medverkar til å oppretthalde dei reglane og retningslinjene som læraren og skulen legg til grunn for bruk av digitale verktøy og for å redusere digital mobbing. Ei slik haldning medfører ytterlegare ein dimensjon for læraren i det førebyggjande arbeidet mot digital mobbing. Det er også utfordrande for lærarane at mykje av den digitale mobbinga føregår på fritida, og at læraren som følgje av dette oftare blir involvert og får eit større ansvar med å handtere saker om digital mobbing. Vidare viser funna i studien at manglande tid og ressursar i skulen kan vere krevjande for læraren i arbeidet med digital mobbing. Informantane sit til tider også med ei kjensle av at mykje av arbeidet rundt saker om digital mobbing i stor grad blir gjort til deira ansvar, trass i avgrensa tid og ressursar til det førebyggjande arbeidet. Ei anna utfordring er spørsmålet om elevane skal få bruke mobiltelefon på skulen. Lærarane ønskjer ikkje dette, fordi det kan føre til meir digital mobbing og negativ påverknad for det psykososiale skulemiljøet til mange av elevane. På den andre sida står fleire foreldre og elevar som ønskjer at ein skal tillate bruk av mobiltelefon. Ein kan ikkje generalisere dei funna som er gjort i denne studien, men studien løftar fram og peikar på grunnleggjande element som er viktige for læraren sitt arbeid med å førebyggje digital mobbing. Desse står sentralt for at både lærarar, elevar, foreldre og andre som jobbar for eit godt skulemiljø for elevane skal forstå utfordringane med digital mobbing, og dermed ha eit betre grunnlag for å medverke til å redusere digital mobbing.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleDigital mobbing – ei pedagogisk utfordring for læraren?en_US
dc.title.alternativeCyberbullying – a pedagogical challenge for the teacher?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber110en_US
dc.description.localcodeM120UND509en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal