Lærarar si tilnærming av målområde i undervisning
Abstract
Føremålet med denne masteroppgåva er å kaste lys over korleis ulike målområde innanfor utdanning viser seg i undervisning og kva pedagogiske handlingar læraren gjer for å nå desse. Studien har ei kvalitativ tilnærming, der det har blitt gjennomført djupneintervju og observasjon av tre lærarar. Studien tek utgangspunkt i Biesta sin (2017) teori om tre ulike målområde og Oettingen (2012) sin teori om pedagogiske handlingsformer. I tillegg har læreplanverket blitt nytta i stor grad.
Alle dei tre målområda viser seg i informantane si undervisning, men det ser ut til å vere målområdet kvalifisering som dominerer. Innanfor dette målområdet blir alle dei tre pedagogiske handlingsformene nytta i stor grad i undervisninga. Det til dels einsidige fokuset på kvalifiseringa ser ut til å skuldast mangel på tid, samt mangel på evalueringssystem som gjer det mogleg å vurdere dei sosiale og personlege måla i læreplanen. Ei slik kunnskapsorientert tilnærming ser ut til å kunne føre til at elevane gjer det betre fagleg, men det kan også hindre elevane si utvikling som menneske. Dei to andre målområda, sosialisering og subjektivering, kjem begge til syne i noko grad. Innanfor sosialiseringa blir dei pedagogiske handlingsformene å vise og å oppmode nytta. Elevane blir til dømes vist korleis dei kan vise omsyn for kvarandre. Eit anna døme kan vere at dei blir oppmoda til å samarbeide. Studien viser også at den sosialiseringa som kjem til syne gjennom informantane si undervisning nesten einsidig er prega av samarbeid mellom elevane. Når det kjem til subjektiveringa blir alle dei pedagogiske handlingsformene nytta. Informantane viser til dømes korleis elevane kan tenke kritisk, oppmodar dei til å ta ansvar og vere munnleg aktive, samt stiller spørsmål som fremjar elevane si evne til refleksjon og danning av eigne synspunkt. Å oppmode ser ut til å dominere dei to sistnemnde målområda. Dette kan vere eit problem då denne pedagogiske handlingsforma kan betraktast som den svakaste av dei tre. Eit anna viktig funn er at vektlegginga av sosialiseringa og subjektiveringa ser ut til å vere prega av tilfeldigheiter.
Funna i studien kan ikkje generaliserast, men kastar lys over kva pedagogiske handlingar læraren kan nytte for å vektlegge alle dei tre målområda i si undervisning. Dette kan bidra til å hjelpe elevane å nå både dei faglege, sosiale og personlege måla i læreplanen.
Description
Master i undervisningsvitenskap med fordjupning i pedagogikk