Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLønning, Eigil Hole
dc.date.accessioned2020-08-10T06:35:24Z
dc.date.available2020-08-10T06:35:24Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2671244
dc.descriptionUndervisningsvitskap – Fordjuping i pedagogikk, Campus Bergenen_US
dc.description.abstractDet norske utdanningssystemet er i konstant endring, og er underlagt eit sterkt reformtrykk. Lærarutdanninga syner ei historie fylt av endringar som er årsaka av komplekse relasjonar til andre samfunnsområde, samt sterk politisk interesse. I denne endringshistoria veks det etter kvart fram akademiske tankesett og føringar som tek varierte former. Dette har vidare utvikla seg til krav om, og etter kvart lovfesting av at lærarutdanning skal baserast på ein vitskapleg forskingstradisjon. Denne studien har som mål å retta eit kritisk blikk framveksten av dette fenomenet, og nyttar ein retorisk innfallsvinkel for å gjera dette. Ved å analysera korleis problem vert konstruerte i ein sentral politisk tekst frå kravets framvekst på nittitalet, og ein frå 2017 kor kravet kan seiast å ha vidareutvikla seg, kan ein få innsikt i forståingsmåtar og strategisk tenking som ligg til grunn for politikkføringa. I tillegg kan det seia noko om korleis dette har endra seg frå nittitalet og til i dag. Då retorikken gjev få ferdigstilte oppskrifter på politisk kritikk, men heller byr på eit variert og fragmentert omgrepsfelt, har det vore naudsynt å sy saman eit eige teoretisk og analytisk rammeverk. Til dette har det vorte nytta teori om problemkonstruksjonar, saman med retorikken sin epistemologi og kairos for å laga eit vindauge inn i problema sin meiningsarkitektur og sosiale arkitektur. Analysefunna foreslår ni problemkonstruksjonar i tekstane som har relevans for ei rekke samfunnsområde og sider ved utdanningssystemet. Konstruksjonane kan alle knytast til kravet om forskingsbasert lærarutdanning – sjølv om graden av tilknyting kan variera. Kvar av desse problemkonstruksjonane har vorte presentert og kritisk drøfta for seg, før dei har vorte trekte inn i ein større samanheng, og drøfta ilag. Gjennom desse ni problemkonstruksjonane vert det også vist til fire mønster i måten problemkonstruksjonane vert forma på. Dette er problemformuleringsstrategiar som går igjen i konstruksjonane, og som truleg har innverknad på konstruksjonanes effekt. Desse mønstra er: 1) konstruksjonen av problemets tid, 2) konstruksjonane og den aktive reguleringa av aktørars kunnskap, status og makt, 3) konstruksjonen av visjonar som grunnlag for problem, og 4) konstruksjonen av behovet for endringsprosessar i stor skala. Desse mønstra har vidare vorte drøfta i ljos av relevante kritiske ressursar.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectUtdanningsretorikk, retorikk, problemkonstruksjoner, problem, reform, reformkritikk, dokumentanalyse, retorisk kritikk, retorisk analyse, forskningsbasert lærerutdanning, forskningsbasert utdanning, diskurs, diskursanalyse, doxa, episteme, kairos, problemformuleringsprivilegiet, popper.nor
dc.subjectEducation rhetoric, rhetoric, problem constructs, problem, reform, reform criticism, rhetorical criticism, rhetorical analysis, research based teacher education, research based education, discourse, discourse analysis, the privilege of formulating the problem.eng
dc.titleKva er problemet? Ein retorisk studie av problemkonstruksjonar bak forskingsbasert lærarutdanning som svaren_US
dc.title.alternativeWhat seems to be the problem? A rhetorical study of problem constructs behind research-based teacher education as an answeren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber103en_US
dc.description.localcodeM120UND509en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal