Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorÅsnes, Bård Nygaard
dc.date.accessioned2020-08-03T12:17:37Z
dc.date.available2020-08-03T12:17:37Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2670666
dc.descriptionLæring og undervisning Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett 14. mai, 2020en_US
dc.description.abstractMed ei intervjuundersøking har eg forsøkt å finne svar på problemstillinga for denne masteroppgåva: Kvifor forlèt lærarar læraryrket? Undersøkinga blei gjort med fem individuelle intervju og eitt gruppeintervju. Alle intervjua blei gjennomført i november 2019. Intervjupersonane har lærarutdanning og har tidlegare arbeidd som lærarar, men har no slutta i yrket. Det er eit politisk mål både å rekruttere og behalde fleire lærarar i yrket. Likevel seier prognosane at det vil bli lærarmangel i framtida. Det er gjort lite forsking på kvifor lærarar sluttar i yrket, og målet med prosjektet har difor vore å auke kunnskapen på området. Læraryrket har gått gjennom store endringar dei seinaste tiåra, både med innføring av nye reformer og som resultat av nye måtar å styre skulen på. Lærarar har fått ansvar for nye område, rollene har blitt fleire og mengda med dokumentasjon og rapportering har auka. I større grad enn før, blir lærarane halde ansvarleg for elevane sine resultat. Kunnskap om desse endringane har danna bakgrunn for tolkinga av empirien, saman med motivasjonsteoriar og forsking på lærarane sine arbeidstilhøve. Hovudfunna i undersøkinga er at lærarane først og fremst får motivasjon av sosiale relasjonar med elevar og kollegaer, og når dei kan bidra til framgang for den enkelte eleven. Lærarane er opptekne av å få bruke sin eigen personlegdom i undervisninga. Dei trivst når dei kan prøve ut eigne idear og får stor fridom i planlegging og gjennomføring av undervisningstimar. Auka krav til dokumentasjon verkar i motsett retning. Det er også negativt for motivasjonen når lærarar opplever å bli for mykje styrt på korleis dei skal undervise, eller når skulen har for sterkt preg av standardiserte løysingar. For nokre lærarar oppstår det ein verdikonflikt når dei blir pålagd å utføre testing som dei ikkje opplever at fører til meir læring for elevane.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleLærarar som sluttar i yrketen_US
dc.title.alternativeTeachers who leave the professionen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber78en_US
dc.description.localcodeMAS3-307en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal