Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMelvær, Magnus Berge
dc.date.accessioned2020-08-03T12:11:29Z
dc.date.available2020-08-03T12:11:29Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2670665
dc.descriptionMaster i læring og undervisning Avdeling for lærarutdanning, kultur og idrett 31/05/2020en_US
dc.description.abstractDenne mastergradsoppgåva har hatt som føremål å undersøkje problemstillinga: Kva kan opplevingar med friluftsliv og friluftslivsundervisning i kroppsøvingsfaget bety for minoritetselevar sine kulturelle identitetar? For å svare på problemstillinga, tek oppgåva tek utgangspunkt i ein kvalitativ, hermeneutiskfenomenologisk tilnærming. Data blei samla inn gjennom semistrukturerte djupneintervju med tre informantar, ein gut og to jenter, i samband med undervisning i valfag friluftsliv ved ein Vg2-klasse i Oslo. Det teoretiske rammeverket vektlegg Social Identity Complexity (Roccas & Brewer, 2002), akkulturasjonpsykologi og akkulturasjonsutviklingsmodellen (Oppedal & Toppelberg, 2018, s. 73). Oppgåva er skrive som eit bidrag til aksjonsforskingsprosjektet ”Et annerledes kroppsøvingsfag”. Resultata av studien framhevar friluftslivsundervisninga som relasjonsbyggjande, og dermed som ein sosiokulturell arena som knyter informantane nærare eit opplevd fellesskap med sine medelevar. Analysen syner at informantane sine foreldre, og deira kulturelle bakgrunn relatert til friluftsliv, speler sentrale roller for interesse og deltaking i friluftslivsundervisninga, og konstituerer seg som ein del av informantane sine kulturelle identitetar relatert til friluftsliv. Friluftslivsundervisninga kan slik sett bidra til å forsterke eller endre eleven sin kulturelle bagasje knytt til natur og friluftsliv. Eit felles utdanningsløp kan bidra til å sidestille minoritetselevar med etnisk-norske elevar, men også fremje bevisstheit kring kulturelle forskjellar og tradisjonar relatert til friluftsliv. Informantane sine syn på eigen kulturelle identitet knytt til friluftsliv, avheng av opplevd erfaringsgrunnlag og grad av primærsosialisering. Resultata indikerer komplekse og ulike måtar å kombinere kulturelle identitetar, samt at identitetane vert tilpassa over tid og i forskjellige kontekstar. Ein av informantane synte ei relativt høgt nivå av konflikt og kompleksitet, medan dei to andre synte eit jamnare nivå.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectMinoritetselevaren_US
dc.subjectFriluftsliven_US
dc.subjectKulturell identiteten_US
dc.subjectFriluftslivsundervisningen_US
dc.subjectKroppsøvingen_US
dc.subjectAkkulturasjonsutviklingen_US
dc.subjectSocial Identity Complexityen_US
dc.title”På samme bane, på samme sted!” – Kva kan opplevingar med friluftsliv og friluftslivsundervisning i kroppsøving bety for minoritetselevar sine kulturelle identitetar?en_US
dc.title.alternative”On the same track, in the same place!” – What can Norwegian friluftsliv and friluftsliv in physical education signify for minority students' cultural identities?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber90en_US
dc.description.localcodeMAS3-307en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal