dc.contributor.author | Høynes, Hanne Rostad | |
dc.date.accessioned | 2020-08-03T11:16:47Z | |
dc.date.available | 2020-08-03T11:16:47Z | |
dc.date.issued | 2020 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/2670648 | |
dc.description | Læring og undervisning
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, institutt for
pedagogikk, religion og samfunnsfag, MAS3-307
02.06.2020 | en_US |
dc.description.abstract | Denne oppgåva tar for seg korleis tematikken kjønn er presentert og vektlagt i tre utvalde læreverk, læreplanen for Kunnskapsløftet LK06 og den reviderte læreplanen LK13. Metoden eg har nytta for å svare på problemstillinga er ei kvantitativ innhaldsanalyse og ei kritisk diskursanalyse. Dokumenta eg har valt meg ut er den nemnte læreplanen LK06 og den reviderte delen LK13. Læreverka eg har analysert er Makt og menneske 8-10, Undervegs 8-10 og Nye makt og menneske 8-10. Dei to førstnemnte læreverka er basert på LK06 og det sistnemnte læreverket er basert på LK13. Eg valte å gjere det slik for å sjå om tematikken hadde forandra seg i frå LK06 til den reviderte LK13. Den norske skulen har eit samfunnsmandat som skal ruste elevane til å engasjere seg og klare seg ute i samfunnet. Tematikken kjønn er noko som opptar oss anten bevisst eller ubevisst, og er dermed ein tematikk som er viktig å gi elevane ei god og trygg danning i. Denne oppgåva er med på å belyse korleis tematikken kjønn syner seg i desse læreplanane og læreverka. Den retter eit søkelys mot korleis omgrep som kjønn, kjønnsidentitet, transpersonar, kjønnsroller og likestilling blir representert. Det blir og sett på djupare meiningar og haldningar som ligg både eksplisitt og implisitt i dokumenta. Oppgåva belyser kvifor det er eit konservativt tankesett som dominerer i dokumenta, men den belyser også at den reviderte læreplanen og læreverket har begynt å bevege seg mot eit meir progressivt tankesett. | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.title | Tematikken kjønn i samfunnskunnskap | en_US |
dc.title.alternative | Gender in social science | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.source.pagenumber | 65 | en_US |
dc.description.localcode | MAS3-307 | en_US |