Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHelland, Kjell Magnar Eide
dc.date.accessioned2020-07-06T07:29:45Z
dc.date.available2020-07-06T07:29:45Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2660765
dc.descriptionMaster IKT i læring, Fakultet for lærerutdanning kultur og idrett, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfagen_US
dc.description.abstractDigitalisering er eit naudsynt hjelpemiddel for å utføra mange av dei oppgåvene vi arbeider med, også i utdanningssektoren. Denne masteroppgåva handlar om korleis praksislærarar opplever å ta i bruk rettleiingsteknologi i arbeidet med rettleiing av lærarstudentar i sin praksis. Arbeidet er ein del av HVL-prosjektet Rettleiingsteknologi i praksisfeltet, og teknologien som er nytta er den forskingsbaserte digitale plattforma Mentoring and observation software (MOSO). Tidlegare forsking på bruk av teknologi i praksisrettleiinga har synt at den kvalitetssikrar og strukturerer rettleiingsprosessen. Den aukar informasjonsmengda i prosessen, samtidig med at teknologien er hukommelse for alle involverte. Det er to kritiske faktorar som er avgjerande for eit godt resultat, bearbeiding av planlegging før undervisning, -og bearbeiding av observasjon før rettleiing. Arbeidet med oppgåva er gjort med grunnlag i sosiokulturell læringsteori, med eit fenomenologisk perspektiv og eit hermeneutisk metodegrunnlag. Peter Senge og «Den lærande organisasjonen» har også vore med å danne teorigrunnlaget. Henting av informasjon er gjort gjennom semistrukturert intervju av eit utval praksislærarar. Analysemetoden som er nytta er knytt til Grounded Theory gjennom «Den konstant komparative analysemåten». På veg mot resultata drøftar oppgåva ulike måtar digitalisering påverkar arbeidsoppgåvene våre for eksempel gjennom korleis store digitale aktørar opererer og krav til personvern. Den tek også opp prinsipp for bruk av private digitale verktøy i ein arbeidssituasjon. Resultatet av undersøkinga viser at rettleiingsteknologi verkar strukturerande på rettleiingsprosessen og også fungerer som hukommelse. Teknologi opnar opp for ei asynkron arbeidsform, og stiller difor krav om medviten språkbruk og til samarbeid. Praksislærarar fryktar for at tidspress kan gje mindre vekt på ansikt til ansikt dimensjonen i rettleiinga. Dei har ei klar forventning om at alle involverte i praksissamarbeidet brukar teknologien. Videoopptak av studentane frå klasserommet og særleg bruk av mobiltelefon til formålet har vore mest omstridd. Konsekvensen av funna er at vi i ser på språkleg samhandling og bevisstgjering av språket når vi nyttar digitale artefakter, særleg når det skjer asynkront. Det fordrar eit tettare samarbeid mellom praksisskule og høgskule, særleg på fagsida. Nye verktøy endrar arbeidsoppgåvene, og krev at vi er bevisste på kor det er nyttig med endring- og tydelege på hensikta. Utfordringa vert korleis skape felles visjonar mellom høgskulen og praksisfeltet for eit vidare arbeid med retteleiingsteknologi mot ei full utrulling.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleRettleiingsteknologi – artefakt for struktur og samhandling i lærarutdanningspraksisen_US
dc.title.alternativeSupervision Technology - Artifact for Structure and Interaction in Teacher Education Practiceen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASIKT-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal