Frå verbal kommunikasjon til digital inspirasjon: Lærarar sin bruk av digitale PLN for å støtta utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse
Abstract
Denne mastergradsavhandlinga i IKT i læring er tematisert rundt lærarar sine digitale personlege læringsnettverk og korleis arbeid i dette nettverket kan vera med å støtta opp om utvikling av deira profesjonsfaglege digitale kompetanse. Oppgåva legg vekt på at utviklingav profesjonsfagleg digital kompetanse er ein del av den totale profesjonsutviklinga og at arbeid i eit digitalt personleg læringsnettverk er eit uformelt profesjonsutviklande tiltak. Det vert stilt spørsmål ved korleis lærarar oppfattar omgrepet profesjonsutvikling og kva dei gjer for eiga profesjonsutvikling, kva dei meiner om uformelle og formelle læringssituasjonar og korleis dei oppfattar omgrepet profesjonsfagleg digital kompetanse. Oppgåva viser slik korleis uformell digital læring for profesjonsutvikling i digitale personlege læringsnettverk fungerer for eit utval av dagens lærarar, og korleis det kan gjerast for framtidige lærargenerasjonar.
Arbeid i eit digitalt personleg læringsnettverk legg opp til samhandling og interaksjon medandre for å skapa læring og det er difor brukt sosiokulturell læringsteori som teoretiskgrunnlag. Konnektivismen er også nytta til å sjå kva mogelegheiter eit digitalt personleg læringsnettverk kan gi, i forhold til at læring i ein såkalla digital tidsalder mellom anna handlar om å ha kapasitet til å vita meir ut over det ein veit «her-og-no». Oppgåva er utført i kvalitativ metode på grunn av interessa for deltakarane sine opplevingar og meiningar om temaet. Det er gjort seks semistrukturerte intervju med lærarar frå forskjellige norske skular. Alle intervjua vart transkriberte og analyserte i analyseverktøyet Nvivo.
Funna viser at deltakarane si forståing av profesjonsfagleg digital kompetanse er avgrensa iforhold til kva som står i Rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse. Oppgåva konkluderer med at arbeid i eit digitalt personleg læringsnettverk i seg sjølv ikkje er nok for å utvikla den profesjonsfaglege digitale kompetansen. Oppgåva viser at om arbeid i eit digitalt personleg læringsnettverk skal støtta opp om profesjonsfagleg digital kompetanse må det vera ein verdsett måte å driva profesjonsutvikling på. I tillegg vil det vera å føretrekkja at uformell og formelle læringssituasjonar vert kombinert. Innsikt i og kunnskap om Rammeverket vil også vera avgjerande.
Description
Namn på masterprogrammet: IKT i læring.
Fakultet: Lærarutdanning, kultur og idrett.
Institutt: Pedagogikk, religion og samfunnsfag.