Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSandvik, Øyvind
dc.date.accessioned2020-06-19T09:31:09Z
dc.date.available2020-06-19T09:31:09Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2658802
dc.descriptionMaster i samfunnsfagdidaktikk Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag Innleveringsdato: 15. mai 2020en_US
dc.description.abstractFøremålet med denne masteroppgåva har vore å undersøke i kva grad – og på kva måte eit utval nord irske historielæreplanar og historielærarar, legg opp til ei inkluderande historieundervisning om Nord-Irland-konflikten. Meir konkret formulert, undersøker denne oppgåva kva tilnærmingar læreplanane og lærarane gjev uttrykk for i arbeidet med å leggje opp til ei historieundervisning med mål om å skape forståing og toleranse i det splitta området. I høve denne undersøkinga ønskte eg òg å undersøke om lærarar andre stader kan lære noko av perspektiva og tilnærmingane frå dei nord-irske læreplanane og lærarane. Undersøkingane tok utgangspunkt i teoretiske innfallsvinklar frå ulike historiedidaktiske tradisjonar, samt teori om kvifor og korleis historieundervisninga bør leggast inkluderande opp. Læreplanane eg analyserte, var avgrensa til læreplanane for Key Stage 3 og Key Stage 4 i den nord-irske skulen, då elevane er 11-16 år. Lærarutvalet mitt bestod av sju ulike lærarar frå forskjellige skular, og forskjellige skuletypar. Resultata av analysen viser at både læreplanane og lærarane viser ei vektlegging av tilnærmingar til historiefaget, som legg opp til ei inkluderande historieundervisning. Eg fann også at læreplanane og lærarane sine perspektiv på historieundervisninga både kan relaterast til den engelske og den tysk-nordiske historiedidaktikken. Læreplanane har eit stort fokus på at elevane skal lære seg å ta i bruk ulike historiefaglege ferdigheiter, der ferdigheitene knytt til omgrepa historiemedvit, multiperspektivitet og kjeldearbeid vert løfta fram som dei mest sentrale. Det store fokuset på desse ferdigheitene illustrerer den inkluderande tilnærminga som læreplanane vil at elevane skal ha til historia om konflikten. Lærarane hadde mange av dei same perspektiva og tilnærmingane som læreplanane. Dei løfta i stor grad fram dei same ferdigheitene som sentrale tilnærmingar elevane skal ha til historia om konflikten. I tillegg var lærarane svært eksplisitte på at Nord-Irland-konflikten må undervisast inkluderande og balansert om, og løfta i denne samanhengen fram fleire konkrete didaktiske tilnærmingar dei brukar for å få dette til. Likevel fann eg av responsane til informantane, at premissa for historieundervisninga er forskjellige innan dei ulike skuletypane. Utifrå enkelte funn i analysen kan ein òg spørje seg om utbytet av den inkluderande historieundervisninga er større på dei integrerte skulane. Samtidig tyder analysen min på at historielærarar andre stader, har mykje å lære av perspektiva og tilnærmingane til dei nord-irske læreplanane og lærarane, i høve korleis ein kan leggje opp til ei inkluderande historieundervisning.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titlenkluderande historieundervisning i eit historisk splitta Nord-Irland? Ein studie av nord-irske historielæreplanar og eit utval historielærarar sine perspektiv og tilnærmingar til historieundervisninga om Nord-Irland-konflikten.en_US
dc.title.alternativeInclusive History Education in a Historically Divided Northern Ireland? A study on Northern Irish history curricula and a selection of history teachers’ perspectives and approaches regarding teaching the history of the Northern Ireland Conflict.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber110en_US
dc.description.localcodeMSAM613en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal