Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorDrønen, Laura Kristine
dc.date.accessioned2020-06-18T10:24:33Z
dc.date.available2020-06-18T10:24:33Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2658621
dc.descriptionMaster IKT i Læring, Stord Allmenndidaktisk Profilen_US
dc.description.abstractDigitale hjelpemidlar og innlæring av omgrep i samfunnsfag har vore gjenstand for lite forsking. Å nytte digitale medier i undervisninga er komen som eit krav i læreplanar. På bakgrunn av det stilte eg denne problemstillinga: Korleis kan dei digitale hjelpemidla «Padlet» og «Quizlet» bidra til innlæring av omgrep i samfunnsfag hos elevar på 10. trinn? Det blei stilt tre forskingsspørsmål for å gje føringar for arbeidet. Oppgåva undersøker korleis «Padlet» og «Quizlet» kan nyttast opp mot arbeid med omgrep. Den søker å få fram elevane si oppleving av å nytta digitale mediar, tett knytt opp mot samhandling, aktivitet og dialog mellom elevane. Forskaren si oppleving av å nytta digitale media i undervisninga vil og bli belyst. Det har vore nytta kvalitativ metode, der observasjon over ein periode i ein 10. klasse er gjennomført. I etterkant av observasjonen vart det gjennomført to gruppeintervju som involverte 11 elevinformantar. Mi rolle var å vera observatør, undervisar og intervjuar. I observasjonsprosessen vart feltnotat nytta, og lydopptak vart teken i bruk i intervjua. Dette er derfor grunnlaget for dokumentasjonen i avhandlinga. Det vitskaplege perspektivet er knytt opp til hermeneutisk tilnærming, men fenomenologisk tilnærming kjem óg til syne. Teorigrunnlaget er det sosiokulturelle perspektivet, der Vygotsky og Dewey er teoretikarane. Det er gjort lite forsking på digitale media i omgrepslæring, som resultat av det er lite forsking blitt nytta opp mot dette i oppgåva, men viktige bidrag i form av teoriar og arbeid knytt til «Padlet» og «Quizlet» i andre perspektiv har overføringsverdi og er tekne med. Hensikta med arbeidet er å finne alternative metodar å arbeide med omgrep i samfunnsfag, bidra med kunnskap inn i det digitale klasserommet, og seie noko om rolla dei digitale hjelpemidla kan spela, både for elev og lærar. Motivasjon og læring er synlege ord i teksten, og vil i stor grad bli diskutert. Oppgåva får fram betydinga av variasjon i undervisninga, og viktigheita av å arbeide med omgrep i ulike kontekstar i tillegg til i ulike presentasjonsformar for å oppnå djupare innsikt og forståing. Innlæring knytt til det sosiokulturelle perspektiv vil gå som ein raud tråd gjennom oppgåva.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titlePadlet og Quizlet i arbeid med omgrep: Korleis kan dei digitale hjelpemidla «Padlet» og «Quizlet» bidra til innlæring av omgrep i samfunnsfag hos elevar på 10. trinn?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASIKT-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal