Show simple item record

dc.contributor.authorVedå, Unni Urdal
dc.date.accessioned2020-03-02T08:11:27Z
dc.date.available2020-03-02T08:11:27Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2644524
dc.descriptionMASPED3-303-1 19V FLKI / Høgskulen på Vestlandet 20.12.19en_US
dc.description.abstractBakgrunn Denne masteroppgåva er basert på ein intervensjon der sosial kompetanse er prøvd ut som eit eige fag i skulen. Fagfornyinga som kjem i 2020 har større fokus på menneskeverdet, sosial læring og sosial utvikling enn tidlegare læreplanar. Korleis vi konkret skal jobbe med desse emna i skulen er ikkje nemnt. Ved å innføre sosial kompetanse som eit eige fag i ein skuleklasse på mellomtrinnet har eg fått prøvd ut ein metode for opplæring i emnet. Metode Både kvantitativ og kvalitativ metode er nytta i dette forskingsprosjektet. Den kvalitative metoden blei nytta gjennom observasjon og intervju for å få fram deltakarane si subjektive meining. I tillegg fylte vi ut eit sosiogram for å sjå relasjonen mellom elevane. Kvantitativt blei enquete nytta ved hjelp av Strength and Difficulties Questionnaire (SDQ). Eg valte å nytte eit single-case-design i dette forskingsprosjektet. Dette er ein eksperimentell metode som ikkje har noko kontrollgruppe. Deltakarane gjennomførte ein pre -og ein post-SDQ-test som blei samanlikna for å finne eventuelle endringar. Resultat SDQ-kartlegginga etter enda intervensjon viste at deltakarane hadde ei signifikant, positiv endring med reduksjon i åtferdsproblem, hyperaktivitet/merksemdvanskar, venneproblem og auka prososial åtferd. Dei mest signifikante endringane fann vi hjå gutane. I tillegg er deltakarane si subjektive oppleving at der har vore ein sosial framgang og relasjonsmessige betringar i elevgruppa. Konklusjon Den sosiale utviklinga til deltakarane det siste skuleåret har vore stor. Grunna ytre påverknader og mangel på kontrollgruppe kan ein ikkje påstå at dei positive endringane skuldast intervensjonen. Ut frå resultata til deltakarane kan ein estimere at undervisning i sosial kompetanse kan bidra positivt til barn si sosiale utvikling.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectSosial kompetanseen_US
dc.subjectSosiale ferdigheteren_US
dc.subjectFagfornyingaen_US
dc.subjectmellomtrinneten_US
dc.titleBlir barn sine sosiale ferdigheiter betra ved å gjennomføre sosial kompetanse som fag i skulen?en_US
dc.title.alternativeDoes children improve their social skills by implementing social skills as a subject in school?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber88en_US
dc.description.localcodeMASPED3-303en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal