Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNorevik, Sylvi Hjelmeland
dc.date.accessioned2020-02-28T09:54:42Z
dc.date.available2020-02-28T09:54:42Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2644319
dc.descriptionMaster i spesialpedagogikk Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett 20.desember 2019en_US
dc.description.abstractMasteroppgåva handlar om korleis barnehagelærarar jobbar for å skape eit psykisk helsefremmande miljø for dei minste barna i barnehagen, sett i lys av relasjonar og haldningsarbeid. I studien blir det undersøkt kva barnehagelærarar legg i omgrepet psykisk helse, og korleis det relasjonelle perspektivet blir ivaretatt når eit barn byrjar i barnehagen. Vidare blir det undersøkt om barnehagen jobbar som ein reflekterande kultur. Det er ei overordna politisk målsetjing at barnehagen skal tilby eit omsorgs -og læringsmiljø som er til barns beste. Barnehagebarn skal oppleve trygge og gode miljø som bidrar til å fremme barn og unges meistring og psykiske helse (Helse og omsorgsdepartementet, 2017, s.43). Forsking, både norsk og internasjonal er klar på at det er barn-vaksen relasjonen som er avgjerande for barns tilknyting og tryggleik. Relasjonen har og ein avgjerande faktor for seinare skuleprestasjonar (Hamre & Pianta, 2001; Helland et al., 2019) Relevant teori og forsking er knytt opp mot problemstillinga. Utvalet representera teori og forsking i forhold til dei minste barna i barnehagen og barnehagen som lærande organisasjon. Det er nytta ein kvalitativ metode og semistrukturerte intervju for å gje svar på problemstillinga. Seks barnehagelærarar som jobbar på småbarnsavdeling blei intervjua. I analysen av datamaterialet blei det nytta ein innhaldsanalytisk tilnærming. Det var ønske om å få tak i og tolke meiningar bak informantane sine svar, og har nytta ein hermeneutisk tilnærming i forskingsprosessen. Resultat syner til at barnehagelærarar definera psykisk helse opp mot det som er beskriven i teori og definisjon, men det er ikkje eit tema det har blitt jobba systematisk med i barnehagane. Studie viser at barnehagelærarar har kunnskap om tilvenning i barnehagen og kva det vil sei at små barn har det bra. Funn viser at dei opprettar primærkontakt når eit barn byrjar i barnehagen, men kva oppgåver primærkontakten vektleggast er det meir usikkerheit rundt. Det kan virke som primærkontakten sine oppgåver tar meir omsyn til dei praktiske oppgåvene, enn ut ifrå det relasjonelle perspektiv. Resultat indikera at barnehagelærarar har ein del kunnskap og kompetanse om psykisk helse og relasjonsarbeid. Barnehagane drøftar og reflektera rundt vaksenrolla på møter, men den reflekterande kultur kan virke noko usystematisk. Det blir referert til at refleksjon fører til endring i personalgruppa, men det blir ikkje opplevd at alle har ei felles forståing for kva som er akseptabel åtferd hjå barn og vaksne. Systematisk jobbing med «refleksjon over eigen praksis» kan med fordel forankrast meir i personalgruppa.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectPsykisk helseen_US
dc.subjectsmåbarnen_US
dc.subjectbarnehageen_US
dc.subjectbarnehagelærereen_US
dc.subjectreflekterende kulturen_US
dc.titlePsykisk helse hjå dei minste barna i barnehagenen_US
dc.title.alternativeMental health of toddlers in kindergartenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber78en_US
dc.description.localcodeMASPED3-303en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal