Formulering av gode skriveoppgåver: Komparasjon mellom eksamensrettleiingar,eksamensoppgåver og andre oppgåver
Abstract
ema for masteroppgåva er skriveopplæring. Bakgrunnen for prosjektet er eiga interesse og antydingar om manglande forsking på område. Forsking viser at det som oftast har vore mest fokus på leseopplæring, og difor håpar eg dette prosjektet kan vere eit bidrag for å berike forskinga om skriveopplæring. Spesielt har det vore manglande forsking rundt det å utforme skriveoppgåver. Difor er føremålet med studien å komme fram til nokre kjenneteikn på kva som kan karakteriserast som gode skriveoppgåver, og om eksamensrettleiingane, eksamensoppgåvene og skriveoppgåvene lærarane nyttar oppfyller desse krava.
Studien nyttar kvalitativ tekstanalyse for å belyse problemstillinga, og det er eksamensrettleiingar, eksamensoppgåver og andre oppgåver frå skular brukt til tentamen og skrivedagar som er gjenstand for analyse. Som analysereiskap har det blitt brukt ei matrise beståande av kategoriar forankra i aktuell teori og forsking: skriveoppdrag, mottakar/publiseringskanal, føremål, tekstomgrep og kontekst.
Funna frå dei ulike dokumenta har blitt samanlikna med kvarandre, og drøfta opp i lys av teori og tidlegare forsking på området. Analysen syner at det er noko forskjellar frå eksamensrettleiingane og praksis.
Description
Master i læring og undervisning Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Innleveringsdato: 02. desember 2019