Digital kompetanse i arbeid med språk og estetiske fag i barnehagen: Dei vaksne sitt perspektiv
Grønsdal, Ingrid; Borgenvik, Katrine; Fjellanger, Liv Ingrid; Aksnes, Kirsti; Hansen, Hannah; Espeland, Åsmund; Vangsnes, Vigdis; Espeland, Magne
Report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2634709Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for kunstfag [258]
Sammendrag
Prosjektet “Utvikling av berekraftige praksisar for digital teknologibruk innan språk og estetiske fag i barnehagen” (2017- 2020) forkorta til DigiSus1, er eit kompetanseutviklingsprosjekt som er finansiert av Norges Forskningsråd. Det involverer åtte barnehagar i to kommunar, Tysnes og Stord og barnehagelærarutdanninga og forskarmiljøet ved CASE-senteret på Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. I DigiSus har ein som mål å introdusera og utvikla eit balansert leike- og læringsmiljø i barnehagar, der sansebasert digital teknologi blir utforska i lag med eksisterande skjermbasert teknologi. Dette skal i første omgang utviklast i form av eit sanserom for estetiske uttrykk og språkarbeid. Dette opplevings- og læringsmiljøet (sanserommet) skal utformast i eit samarbeid mellom barnehagepersonalet og forskargruppa, og blir prøvd ut i barnehagane i løpet av prosjektperioden. På sikt vil ein i prosjektet utvikla og etablera eit kompetanserammeverk for barnehagelærarar og tilsette ved barnehagelærarutdanninga knytt til å implementera og evaluera berekraftige digitale praksisar (BDP) som støttar opp om barn sine språklege og estetiske leike- og læringsprosessar i barnehagen. Prosjektet er bygd opp med ein kartleggingsfase (haust 2017) ein utviklingsfase (2018-2019) og ein evaluering- og implementeringsfase (2020). Denne rapporten viser vår analyse av intervju gjort blant tilsette i åtte prosjektbarnehagar på Tysnes og Stord i løpet av kartleggingsfasen hausten 2017.
Beskrivelse
DigiSus, Prosjektrapport 1: Tilstandsrapport. Case-rapport 2019/2