Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBjelle, Terje Erik
dc.date.accessioned2019-12-20T12:15:31Z
dc.date.available2019-12-20T12:15:31Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.isbn978-82-93677-10-9
dc.identifier.issn2535-8103
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2634290
dc.description.abstractI dette arbeidet ser eg på utviklinga ved tre små studiestadar i Norge sidan dei fekk distriktshøgskular for kring 50 år sidan. Volda, Bø og Sogndal vart studiestadar i ein periode då desentralisering og det å ta heile befolkninga og landet i bruk var viktig. Utbygginga av velferdsstaten hadde nådd høgre utdanning. Gjennomgangen viser at dei regionale høgskulane har bidrege sterkt i dette utjamningsprosjektet. Etableringa i små bygdesamfunn var vellukka. Dei har forsynt land og region med relevant og kompetent arbeidskraft, og dei har vorte attraktive studiestadar. I 2019 har kvar av dei 3-4000 studentar, og er blant dei 10-15 største studiestadane i landet. Høgre utdanning set sterkt preg på dei tre bygdene, med moderne campus og mange kjenneteikn på det som i USA vert kalla College Towns. Det er ein mix av kvalitetar som gjer dei attraktive, ikkje enkeltfaktorar knytt til akademisk kvalitet. Dei tre studiestadane har tyngda av studentar på bachelornivå, andel masterstudentar er vesentleg lægre enn i sektoren samla. Til liks med andre utdanningsinstitusjonar i den geografiske periferien, har dei relativt mange studentar på nett- eller desentraliserte studietilbod. Andel unge campusstudentar er størst i Sogndal. Sogndal og Bø har begge svært brei geografisk rekruttering, medan Volda hentar større del av studentane frå eige fylke. Studietilbodet har heile vegen vore dominert av yrkesretta utdanningsprogram, i stor grad orientert mot offentleg sektor. Den faglege hovudprofilen vart lagt tidleg både i Volda og Bø og er meir prega av første generasjon tilsette, som i stor grad var knytt til etablerte akademiske disiplinar. I Sogndal kom veksten seinare og innanfor fagområde med svakare akademiske tradisjonar. Alle dei tre studiestadane lærde tidleg å marknadsorientera studietilboda og å læra spelet kring tildeling av nye studieplassar. Det medførde i mange tilfelle vekst i breidda heller enn i toppen, og dei tre framstår til dels med brei og sårbar fagportefølje etter kvart som akademisk kvalitet vart det som først og fremst betydde noko. Periodar med sviktande studentrekruttering har skapt endring og utvikling alledei tre stadane. Det er som utdanningsinstitusjonar dei primært har lukkast, ikkje som forskingsinstitusjonar, sjølv om forskingsambisjonane låg innebygd i distriktshøgskulekulturen heilt frå starten. Dette skapte avstand og motsetningar til profesjonsutdanningane som etter kvart fekk høgskulestatus, og det sette preg på dei første tiåra i høgskulesektoren. Dei akademiske ambisjonane med fokus på forsking og etablering av hovudfag/mastergrader og ph.d. kom tidlegare og tydlegare til syne i Volda og Bø. Det tradisjonelle høgskulefokuset varde lenger i Sogndal, men etter kvart skårar dei tre om lag likt på dei vanlege akademiske teljekantane. I 1970 var ingen av dei tre naturlege lokaliseringsstadar for høgre utdanning i dei aktuelle fylka, men det er ikkje grunnlag for å meina at det har vore nokon vesentleg ulempe seinare. Men den regionale posisjonen har vore ulik og sameleis politisk støtte. Sogndal har hatt fordelar av å vera «hovudstaden» i ein fylkeshøgskule heilt fram til 2017, i eit grisgrendt fylke med lang avstand til konkurrerande institusjonar. Dei tre studiestadane hadde alle tradisjonar og positive erfaringar med å vera vertskap for utdanning og skuleelevar. Etableringa av høgre utdanningsinstitusjonar frå 1970-talet var eit framhald i dette, og gjennomgangen av nokre sosiale, økonomiske og kulturelle indikatorar viser at dei tre vertskommunane har hatt ei svært positiv utvikling i dei 50 åra som studiestadar. Det å bli studiestad på 1970- talet, også i Bygde-Norge, var å skyta gullfuglen for dei aktuelle kommunane. Men dei svært positive verknadane ser stor sett ut til å vera avgrensa til vertskommunane, som på dei fleste måleområde er i ein heilt annan posisjon enn dei respektive fylka og i dei fleste tilfelle nabokommunane. Åra som kjem vil by på utfordringar og motbakkar for små studiestadar, enten dei er del av ein fleircampus-institusjon eller sjølvstendig høgskule. Den sentrale politikken er radikalt annleis i dag enn då dei tre bygdene vart studiestadar på 1970-talet. Etter to fusjonsbølger kan det sjå ut til at dei akademiske verdiane har vunne over dei regionale ambisjonane, men framleis er det truleg for tidleg å avskriva betydninga av den geografiske dimensjonen - i utdanningspolitikken som elles.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.relation.ispartofseriesHVL - Rapport;1/2019
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjecthøgre utdanningnb_NO
dc.subjecthøgskulenb_NO
dc.subjectstudiestadnb_NO
dc.subjectutdanningspolitikknb_NO
dc.subjectregionnb_NO
dc.subjectVoldanb_NO
dc.subjectnb_NO
dc.subjectSogndalnb_NO
dc.subjectdistriktshøgskularnb_NO
dc.titleOm tre små studiestadar i Norgenb_NO
dc.typeReportnb_NO
dc.source.pagenumber113nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal