Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBlindheim, Gerd-Alice
dc.contributor.authorHjartholm, Nina Elise
dc.contributor.authorMagnussen, Ane Opsahl
dc.date.accessioned2019-09-13T12:27:52Z
dc.date.available2019-09-13T12:27:52Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2616772
dc.descriptionLandskapsplanlegging med landskapsarkitektur Avdeling for ingeniør og naturfagnb_NO
dc.description.abstractPå oppdrag frå Gulen kommune utarbeida vi ein detaljreguleringsplan for eit avgrensa planområde på Ortneset. Gulen kommune ynskjer fleire tilflyttarar og bustadmoglegheiter i kommunen. Like ved planområdet vart det den 21.06.18 vedteken ein plan for eit nytt landbasert oppdrettsanlegg. Dette vil gje nye, faste arbeidsplassar og dermed eit behov for fleire bustadar.Målsetjinga for oppgåva vart å lage eit attraktivt bustadfelt med fokus på barnefamiliar, tilpasse planen eit utfordrande vêr, planleggje eit uteområde som skulle fremje rekreasjon, samt bevare eit naturleg preg. Sidan planområdet ligg ved fjorden vart det ei målsetjing at strandsona skulle vere lettare tilgjengeleg. Arbeidet starta med ei synfaring av plan- og nærområdet der vi registrerte den eksisterande situasjonen. Eit førebuingsmøte med Gulen kommune vart også avhalden for å diskutere avgrensinga og kva som måtte gjerast vidare. Det vart utarbeidd ein ROS-analyse, der målet var å kartleggje sannsyn og konsekvens av moglege uynskja hendingar. Dette vart gjort for å minske risiko knytt til natur, kultur, miljø, materielle verdiar og stabilitet, samt tap av liv og helse. Ein supplerande analyse over planområdet vart nytta som grunnlagsmateriale for vidare planlegging. I analysen kom det fram fleire element som måtte takast omsyn til, og kva områder som vart eigna for utbygging eller ikkje. Detaljreguleringsplanen for Ortneset er sjølve resultatet av denne oppgåva. Resultatet består av planomtalen, plankartet og reguleringsføresegnene. Planen legg opp til at Ortneset vert tettare bebygd, samt sikrar god tilgjenge til det viktige friluftsområdet og andre viktige element. Den siste delen av oppgåva diskuterer vi kvifor vi har teke vala vi har gjort. Vidare forklarer vi kva tema som har hatt mest betyding for oppgåva.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleDetaljreguleringsplan for Ortnesetnb_NO
dc.title.alternativeDetailed zoning plan for Ortnesetnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber89nb_NO
dc.description.localcodePL491nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal