Detaljreguleringsplan for Ortneset
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2616772Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
På oppdrag frå Gulen kommune utarbeida vi ein detaljreguleringsplan for eit avgrensa planområde på Ortneset. Gulen kommune ynskjer fleire tilflyttarar og bustadmoglegheiter i kommunen. Like ved planområdet vart det den 21.06.18 vedteken ein plan for eit nytt landbasert oppdrettsanlegg. Dette vil gje nye, faste arbeidsplassar og dermed eit behov for fleire bustadar.Målsetjinga for oppgåva vart å lage eit attraktivt bustadfelt med fokus på barnefamiliar, tilpasse planen eit utfordrande vêr, planleggje eit uteområde som skulle fremje rekreasjon, samt bevare eit naturleg preg. Sidan planområdet ligg ved fjorden vart det ei målsetjing at strandsona skulle vere lettare tilgjengeleg. Arbeidet starta med ei synfaring av plan- og nærområdet der vi registrerte den eksisterande situasjonen. Eit førebuingsmøte med Gulen kommune vart også avhalden for å diskutere avgrensinga og kva som måtte gjerast vidare. Det vart utarbeidd ein ROS-analyse, der målet var å kartleggje sannsyn og konsekvens av moglege uynskja hendingar. Dette vart gjort for å minske risiko knytt til natur, kultur, miljø, materielle verdiar og stabilitet, samt tap av liv og helse. Ein supplerande analyse over planområdet vart nytta som grunnlagsmateriale for vidare planlegging. I analysen kom det fram fleire element som måtte takast omsyn til, og kva områder som vart eigna for utbygging eller ikkje. Detaljreguleringsplanen for Ortneset er sjølve resultatet av denne oppgåva. Resultatet består av planomtalen, plankartet og reguleringsføresegnene. Planen legg opp til at Ortneset vert tettare bebygd, samt sikrar god tilgjenge til det viktige friluftsområdet og andre viktige element. Den siste delen av oppgåva diskuterer vi kvifor vi har teke vala vi har gjort. Vidare forklarer vi kva tema som har hatt mest betyding for oppgåva.
Beskrivelse
Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur Avdeling for ingeniør og naturfag