Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStøfring, Anita Steinsbø
dc.date.accessioned2019-07-18T11:33:25Z
dc.date.available2019-07-18T11:33:25Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2605894
dc.descriptionMaster i undervisningsvitskap med fordjuping i norsk Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Bergen Innleveringsdato: 15.05.2019nb_NO
dc.description.abstractFøremålet med denne undersøkinga har vore å finne ut kva rettskrivingsfeil ein kan finne i tekstar som er skrivne av elevar med nynorsk som hovudmål og i tekstar skrivne av elevar med bokmål som hovudmål. I tillegg til å undersøke kva feil ein kan finne innanfor dei enkelte målformene, har studien òg ein komparativ del. I denne delen har målet vore å finne ut om rettskrivingsfeil generelt er meir frekvente i den eine målforma enn den andre, og om det er noko skilnad på feila som er å finne innanfor målformene. Oppgåva er avgrensa til å gjelde ordklassane substantiv og verb. Datamaterialet for undersøkinga er henta frå Normkorpuset. Tekstane blei skrivne i tidsperioden 2012-2013 av elevar på 7. trinn, og totalt er det nytta 140 tekstar som er skrivne på nynorsk og 152 tekstar som er skrivne på bokmål. Alle substantiv og verb i infinitiv, presens og preteritum i tekstane er analysert, registrert og kategorisert. Gjennom søkegrensesnittet Glossa har eg hatt moglegheit til å legge inn søkeuttrykk som har gjeve meg frekvenslister over talet på korrekte og talet på feilskrivne ord. Dei feilskrivne orda er registrerte og kategoriserte i 7 hovudkategoriar med totalt 33 tilhøyrande underkategoriar. Resultatet i denne undersøkinga viser at nynorskelevane gjer over dobbelt så mange feil som bokmålselevane i ordklassane verb og substantiv, og over 40 % av feila i nynorsktekstane fell saman med bokmålsnorma. 12,57 % av alle substantiv og verb i nynorsktekstane er avviksord, medan 5,83 % av alle substantiv og verb i bokmålstekstane er avviksord. Medan bokmålselevane har nokre fleire feil i hovudkategoriane særskriving og liten/stor bokstav, har nynorskelevane fleire feil enn bokmålselevane i dei fem resterande hovudkategoriane; vokalisme, konsonantisme, verbbøying, substantivbøying og andre feil. Innanfor begge målformene er erstatning av vokal den mest frekvente feilen knytt til vokalisme. Når det gjeld konsonantisme er underkategoriane erstatning og dobbelkonsonant registrert med flest førekomstar av feil i nynorsktekstane, medan det i bokmålstekstane er utelating og dobbelkonsonant som er mest frekvente. I begge målformene er det fleire samansette ord med substantiv i forledd enn verb i forledd som er særskrivne. Elevane med bokmål som hovudmål i mitt datamateriale gjer svært få feil knytt til verb- og substantivbøying, medan dette nesten utgjer ein tredjedel av feila som elevane med nynorsk som hovudmål gjer. Dei mest frekvente feila innanfor verbbøying er at sterke verb får svak bøying i presens, og at a-verb får e-ending i presens. Når det gjeld substantivbøying, er dei fleste feila å finna innanfor fleirtalsbøyinga, der hankjønnsord som får hokjønnsbøying i fleirtal, er den mest frekvente feilen.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleRettskriving i nynorsk og bokmål: Ein studie av substantiv og verb i tekstar skrivne av elevar på 7. trinnnb_NO
dc.title.alternativeOrthography in Nynorsk and Bokmål: A study of nouns and verbs in texts written by 7th grade pupilsnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber91nb_NO
dc.description.localcodeM120UND509nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal