Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSteinstø, Eline
dc.date.accessioned2019-07-18T11:30:56Z
dc.date.available2019-07-18T11:30:56Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2605893
dc.descriptionMaster i undervisningsvitskap med fagfordjuping i norsk. Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett/ Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking/ Undervisningsvitskap. Innleveringsdato: 15.mai 2019nb_NO
dc.description.abstract«To samtaler om hoggormar» er ein studie av to gruppesamtaler med fem elevar frå 2. trinn som samtaler om to ulike biletbøker, den skjønnlitterære biletboka Gorm er en snill orm (Camilla Kuhn, 2013) og fagbiletboka Hoggormen (Bjørn Arild Ersland, 2014). Problemstillinga for avhandlinga er: Korleis samtaler elevar på andre trinn om tekst og bilete i to biletbøker, og korleis kan samtaledynamikken utvide forståinga deira? Som teoretisk grunnlag har eg nytta hermeneutikk, Wolfgang Isers resepsjonsteori og J. A. Appleyards beskrivinger av lesarroller. Ved å bruke den hermeneutiske sirkelen har det vore mogleg å sjå korleis elevanes forståingar av litteraturen har utvikla seg etterkvart som nye delar av biletbøkene blei presenterte for dei. Isers omgrep «tomme stader» og «negasjonar» har gjort det mogeleg å sjå nærmare på det gjensidige samspelet mellom litteraturen og lesarane. J. A. Appleyards lesarroller har vore nyttige for å kunne seie noko om elevane som lesarar. Undersøkinga mi viser korleis elevane samtaler om bilete og tekst i dei to ulike biletbøkene. Eit interessant funn er korleis bileta i fagbiletboka påverkar sanningsvurderinga hos elevane. Fagbiletbokas truverde berkar å bli svekka av urealistiske innslag i illustrasjonane i boka. Eit anna funn er korleis samtaledynamikken og tolkingsfellesskapet ber preg av at elevane tar stilling til og fortolkar kvarandre sine utsegn. Elevane reflekterer over og diskuterer flittig rundt begge biletbøkene. Elevane får stadig utvikle sine eigne forståingar av biletbøkene ved å språkleggjere eigne synspunkt og tolkingar i møtet med dei andre elevane sine tolkingar. Samtidig viser avhandlinga korleis elevane bidrar til å auke opplevinga til dei andre lesarane av biletbøkene i ei positiv retning. Mykje av den tidlegare forskinga innanfor den litterære samtalen er gjennomført på mellomtrinnet og vidare oppover i skuleløpet. Denne avhandlinga kan bidra med kunnskap og forståing om korleis elevar i starten av grunnskulen samtaler om litterære tekstar innanfor skjønnlitteratur og sakprosa.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleTo samtaler om hoggormarnb_NO
dc.title.alternativeTwo conversations about vipersnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber78nb_NO
dc.description.localcodeM120UND509nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal