Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkår, Karoline Waage
dc.date.accessioned2019-07-18T11:21:58Z
dc.date.available2019-07-18T11:21:58Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2605888
dc.descriptionMaster i undervisningsvitskap Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking 15. mai 2019nb_NO
dc.description.abstractFøremålet med denne studien har vore å finne ut korleis andrespråkselevar meistrar bøyingskategoriane i dei tre største ordklassane i norsk. Som følgje av aukande innvandring til Noreg, vert det stadig fleire elevar i grunnskulen som lærer norsk som andrespråk. Det å kunne lese og skrive er viktige føresetnadar for å kunne delta og fungere best mogleg i samfunnet. Målet med språkopplæringa er at minoritetane skal oppnå eit fullt utbygd språksystem. Det inneber at dei skal meistre offisiell rettskriving. Forsking på området andrespråkselevar og norsk målspråk er særs aktuelt og viktig i dag. Morfologi er ein sentral del av det norske språket, og språkleg emne for denne studien er følgjeleg substantiv, adjektiv og verb og bøyingskategoriane dei er assosiert med. Eg har analysert frekvenslister av substantiv, adjektiv og verb henta frå andrespråkstekstar skrivne på bokmål i Normkorpuset. Eg har også analysert ordbøyinga i fyrstespråkstekstar, og desse har fungert som ei kontrollgruppe. Eg har undersøkt om det er skilnadar eller likskapar mellom gruppene, for å kunne ytterlegare seie noko om ordbøyinga hos andrespråkselevane. Datamateriale består av 98 andrespråkstekstar og 467 fyrstespråkstekstar skrivne av elevar på sjuande trinn. Andrespråkstekstane har 5276 substantiv, 1376 adjektiv og 5486 verb. Fyrstespråkstekstane har 20 661 substantiv, 3573 adjektiv og 20 798 verb. Studien har vist at andrespråkselevane meistrar bøying av substantiv og verb i høg grad. I verbklassen meistrar dei meir eller mindre bøying i tempus, i ei samanlikning med fyrstespråkselevane. I substantivklassen har andrespråkselevane nokså jamn kompetanse i dei ulike bøyingskategoriane. Andrespråkselevane meistrar også adjektivbøying i nokså høg grad, men i lågare grad enn substantiv- og verbbøyinga. Det er tydeleg at det som skapar flest utfordringar for andrespråkselevane er samsvarsbøying av adjektiv, særleg i genus. Resultatet er i samsvar med tidlegare forsking, som seier at samsvarsbøying i adjektiv er ein bøyingskategori i norsk som tek lenger tid å meistre for innlærarar, enn andre bøyingskategoriar.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleAndrespråkselevar og norsk morfologi – ein korpusbasert studienb_NO
dc.title.alternativeSecond language pupils and Norwegian morphology – a corpus-based studynb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber93nb_NO
dc.description.localcodeM120UND509nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal