dc.contributor.author | Hofseth, Emilie | |
dc.date.accessioned | 2019-07-18T09:50:19Z | |
dc.date.available | 2019-07-18T09:50:19Z | |
dc.date.issued | 2019 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/2605866 | |
dc.description | Master i undervisningsvitskap, fordjuping i norsk Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking 15.mai 2019 | nb_NO |
dc.description.abstract | Formålet for denne masteroppgåva har vore å undersøke korleis elevar reviderer tekstar med bakgrunn i skriftleg lærarrespons. For å få djupare innsikt i revisjonsarbeidet elevane gjorde, avgrensa eg meg til å studere vurderingsområda innhald og rettskriving. Problemstillinga var difor følgjande: Korleis endrar innhald og rettskriving seg i elevtekstar etter skriftleg respons frå lærar?
Studien tek utgangspunkt i ti elevar sine argumenterande tekstar i to versjonar; førsteutkast og andreutkast. Eg har også nytta meg av læraren sin skriftlege respons på førsteutkasta. Formålet med prosjektet var å sjå på revisjonsarbeidet med eit kvalitativt blikk, men eg brukte også innslag av det kvantitative for å telje og kategorisere rettskrivingsfeila i elevtekstane. Sidan elevtekstane var argumenterande, nytta eg Toulmins argumentasjonsmodell for å analysere innhaldet, medan rettskrivinga vart analysert gjennom teljing av feil i utkasta. Som teoretisk grunnlag tok eg utgangspunkt i tidlegare forsking på skriving, respons og revisjon i tillegg til hermeneutikken og Vygotskijs teori om den næraste utviklingssona.
Analysane viste at læraren sin respons var svært forskjellig i kategoriane eg samanlikna. Responsen på rettskrivinga var konkret og plassert undervegs i teksten, medan responsen på innhaldet var generell og plassert som sluttkommentarar til førsteutkasta. Analysane av revisjonsarbeidet til elevane viste at elevane reviderte rettskrivinga si ganske bra. Alle forbetra nynorsken sin i andreutkastet. I innhaldet var det lite endringar å spore i eksisterande tekst frå førsteutkastet. Det elevane derimot gjorde, var å leggje til og utvide tekstane frå førsteutkastet med nye belegg, ny informasjon i eksisterande belegg og nye innvendingar. Dette trass i at ingen vart oppmoda til å utvide teksten sin i responsen. Tendensen i revisjonen var altså at elevane reivderte den nynorske rettskrivinga si ganske bra, og at revisjonen i innhaldet dreidde seg om å leggje til tekst. | nb_NO |
dc.language.iso | nno | nb_NO |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | nb_NO |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.title | Elevars revisjonsarbeid på 10.steg | nb_NO |
dc.title.alternative | Pupils' text revision in 10th grade | nb_NO |
dc.type | Master thesis | nb_NO |
dc.source.pagenumber | 123 | nb_NO |
dc.description.localcode | M120UND509 | nb_NO |